Åse-Marie Nesse debuterte med diktsamlinga Av hav er du komen, i 1970.
"Odyssevs debuterer på ny i haust, ja, det blir ei lita samling dikt om bølgjer og strender, den har ikkje namn ennå - kan du hjelpa meg? Eg er glad - og redd. Men kjende det rett å gi seg ut på brådjupet. Halldis M. og A. Eggen var konsulentar." Det er Åse-Marie Nesse som skriv dette til Jakob Thingnes i august 1970 frå München, der ho er på kurs ved Goethe-instituttet.
-------
Eit kvinneliv inneheld både draum og lengt, kjærleik og kvardag - og tre kvinner må til for å framstilla det. Odyssevs er den same, eine. Men for å bli eit heilt menneske treng både mann og kvinne å ta i bruk alle sine ressursar - både draum og kjærleik, realisme, vågemot og eventyrlyst - vera både Navsikaa, Kalypso, Penelope og Odyssevs på ein gong - .
Fra boka, Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget , Oslo 2010, (s. 197 og s. 202)
Erklæring
Weil ich dich niemals anhielt
halt´ ich dich fest. Rilke
Fri til å velje
deg, deg
om og om igjen
utan å binde deg
Fri til å vekse
ved siden av deg
og vite at vi har røter
i same jord
Fri til å krype
inn til deg
når fridomen blir for stor
å bere aleine
Fri til å puste
borte frå deg
om det kjennest for tett
mellom røde vegger
Fri til å lengte
etter deg
kvar gong du går på vegar
langt borte
Fri til å danse
utan deg
om sol eller måne for eksempel
byd meg opp
Fri til å krevje
av deg
at du stiller dei same krav
om nærleik og fridom
Fri til å kjenne
for deg
den truskap som er ansvar
for eit hjarta
Fri til å gråte
hos deg
over alle dei ufrie sjeler
som dømmer oss
Fri til å leve
med deg
i regn, på ein torsdag
neste venter
eller resten av livet
Åse-Marie Nesse i samlinga Nomadesongar (1978) i boka Åse-Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999.
Hans Børli, Olav H. Hauge, Svein Ellingsen, Åse-Marie Nesse, Halldis Moren Vesaas, Ylva Eggehorn, Karin Boye og Barbro Raen Thomassen. Fra april 2014 legger jeg ut dikt av Anbjørg Pauline Oldervik, født i 1918 i Oslo. Debuterte i 1967 med diktsamlingen Lytt, og har senere gitt ut en rekke samlinger.
Om meg
- Else Jorunn
- Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar