Legg ikkje ditt liv i mi hand
Legg ikkje ditt liv i mi hand
om min kjærleik er svar
min kjærleik er også eit rop
i motvind
legg ein blom i mi hand
ein tusenfryd i dag
ein tistel i morgon
og den lækjande urt
som veks av tårer
legg ein fugl i mi hand
ein pjuskete liten fugl
så stryk eg han vakker
og lærer han å flyge:
Kom tilbake når du vil
legg di hand i mi hand
så er vi sterke saman
så er vi svake saman
så er vi saman
men tyng meg ikkje ned
med din kjærleik
legg ikkje ditt liv i mi hand
lev sjølv -
Åse-Marie Nesse (Nomadesongar 1978) i samlinga Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999
Hans Børli, Olav H. Hauge, Svein Ellingsen, Åse-Marie Nesse, Halldis Moren Vesaas, Ylva Eggehorn, Karin Boye og Barbro Raen Thomassen. Fra april 2014 legger jeg ut dikt av Anbjørg Pauline Oldervik, født i 1918 i Oslo. Debuterte i 1967 med diktsamlingen Lytt, og har senere gitt ut en rekke samlinger.
Om meg
- Else Jorunn
- Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
det der måtte eg lesa mange,mange ganger.. wow :)
SvarSlettja, sånn har jeg òg hatt det med dette diktet ;)
SvarSlettdet gir noe å tygge på - næring -