Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

fredag 14. januar 2011

...ingen ting går tapt.....

I 1987 da jeg tok avskjed med Modum Bad, min første arbeidsplass, siterte jeg Åse - Marie Nesse i dette diktet ~

~ ingen ting går tapt ~ vi bærer med oss det hele ~ det har blitt vårt eget, gjennom erfaring ~

Septemberlys

Og ingen ting blir borte -
alt strøymer imot deg her ved det opne hav
når lyset er ein spegel for ditt liv
ein sein septembertime

Sjå, bitar av din barndom
skin i fjøresteinane
som glaskuler frå søkkte garn
glitrande grøne
uknuselege
dine

tang, buntar av tang-band
drivande i våt sand
er det gamle knutar
konfliktar
løyste som havfrue-hår
løyste av straumar og vind
slik alt i vårt liv som var bunde
blir løyst med tida

steinane i ditt liv
steinar du snåva mot
steinar som fall frå ditt bryst
her finn du dei att
runde
slipte av havet
som er større enn din angst

driv-ved, restar av store tre
som gav deg ly for stormen
nå ligg dei her på stranda
sandblåste
med synlege årringar
sølvgrå lik skip
når dei stig fram av tåke -

ingen ting blir borte
alt kjem uendeleg tilbake
ved eit hav

røyster, fjerne røyster
nå er dei nære att
bølgene ber dei mot land
i lange djupe dønningar
berre skummet har ingen røyster
var aldri nært

men alt som ein gong var nært
kjem alltid tilbake
tid er ikkje tapt
tid du silte mellom fingrane som sand
er ikkje tapt

ingen ting går tapt
av det som glid gjennom opne hender
men det som hendene lukkar seg om
klamrar seg til
det går tapt
for alltid

i sanden finn du spor
av vunnen tid

og alt er nært som den næraste bølge
i lyset av låg sol
som bryt gjennom skyene
og snart, snart
gir sin mogne farge
til horisonten og til deg
og velsignar ditt liv
denne stund av klårleik

Åse - Marie Nesse (Nomadesongar 1978) i samlinga Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999.
Og denne samlinga fikk jeg av Reidun, kollega fra tida i Finnøy kommune - en varig gave..

Forøvrig fører diktene av Åse - Marie Nesse meg ofte i tanken til vår gode venninne Aud Hegre, som elsket bøker og delte så raust av både bøker og stunder, i Modumtiden ~ men som ikke lever iblant oss lenger.
Jeg sier "vår gode venninne", for vi var mange som var glad i henne og som bærer med oss disse rike stundene i minnet, stundene som åpnet sinn og sanser, langt utover og innover ~ tilliten til livet ~

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar