Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

onsdag 16. mars 2011

...eit barns fine hud og mjuke hår....

Halldis vart midtpunktet på garden frå første stund, og ho utvikla seg slik eit velskapt barn skal gjera. "Kjeringi og dotteri treivst godt. Den fyrste minkar og den andre veks - det er vel so laga," lyder den nøkterne meldinga barnefaren sende Anders Hovden eit halvår etter fødselen. I dei komande seks åra fekk Gudrid og Sven fire søner, og det faren hadde skrive om sin "gode, fagre barneheim", kunne Halldis seinare seia om sin. (s. 52)

Slik skriver Olav Vesaas, i biografien om mor si, Å vera i livet, Ei bok om Halldis Moren Vesaas,
Det Norske Samlaget 2007

Vi skreiv frametter vinteren båe to, Tarjei noveller, eg dikt. Men dikta hadde unekteleg fått ein sterk konkurent no. Noko eige arbeidsrom hadde eg ikkje, skrivinga måtte gå føre seg på soverommet, på det bordet eg stelte ungen på, og med korga hans tett innmed. I den tida skulle eit spebarn berre skrike til det vart lei av det, det var ikkje tale om å ta  ungen opp mellom stelletidene og dulle med han. Men korga stod no der, så, og den vesle skapningen som låg der og stirte ut for seg med store blå auge, var så mykje meir fengslande enn papira på bordet. Samtidig var ein så fylt av dette å ha fått eit barn at ein måtte prøve å finne uttrykk for det. Og i motsetning til det som dikt elles hadde for vane, kunne eit dikt om dette komme fullt ferdig ned på papiret, utan å måtte gjerast meir med.
Eit slikt heilt spontant dikt  stod på papiret ein dag, med tittel og alt. (s.73) 

Og diktet var Lykkelege hender.

Slik skriver Halldis Moren Vesaas, i boka I Midtbøs bakkar, Minne frå eit samliv, Aschehoug Biografi 2007, og det er sønnen Olav hun forteller om. Teksten omhandler året 1935 da han ble født.


Lykkelege hender

Lykkelege hender!
Frå gjerning til gjerning som ligg og ventar
berre på dei
går dei dagen lang.

Tene ved livsens grunnkjeldar får dei.
Hender skaper brød,
deler ut føde ved dekte bord, til svoltne munnar.
Tøy glir igjennom dei, blir til klær,
klær glir igjennom dei, blir reine og glatte,
sveiper seg angande kring lemmene våre,
ligg og lyser kvitt over bord og seng.
Flekker og støv og søle kverv under hendene,
dei vil at alt ikring dei skal skine.

Lykkelege hender -
vatn lever dei i, og tek i tre,
i jønn og i mangt slags metall,
kaldt og varmt,
kveiker lys, gjer opp varme.
Blomar får dei røre ved, og alt som skal vekse,
stryke eit dyr over pelsen,
stø opp ei plante som held på bognar,
halde vârt kring ei kosteleg bok.
Heile dagen er hendene fulle.

Og kvelden kjem til dei
med nye gåver:
klær, vatn,
puter å glatte,
eit barns fine hud og mjuke hår
å røre varleg,
eit elska andlet
med trøytte drag.

Og når natta er der
søv dei inn i mørkret
stille og varme
hos to andre stille og varme hender.

Lykkelege hender.
Ein gang skal det bli sælt
å få kvile for godt.

Halldis Moren Vesaas i diktsamlinga Lykkelege hender (1936), Dikt i samling,
Aschehoug Lyrikk 2008

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar