Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

lørdag 8. januar 2011

...spionar vil finne alle dører opne...

Sekt

Vi er ei hemmeleg sekt utover jorda
når vi møtest kjenner vi einannan
vi går ikkje med nellik i knappholet
inga uniform og ingen blanke merke

Vi berre teiknar med fingeren i sanden
ein mellomting av flygefisk og stjerne
det er såre enkelt og slår aldri feil
berre uinnvigde trur det er ein snigel

Vår tale er verken ja ja eller nei nei
men berre kanskje og kanskje ikkje
våre hender har modige meiningar
blir vi misforstått begynner vi å danse

Vi driv med usystematisk avlytting
mikrofonar og ekkolodd i mange sinn
arkiva er gøymde i overjordiske kvelv
spionar vil finne alle dører opne

Åse-Marie Nesse i samlinga Nomadesongar (1978)  i boka Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar