Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

torsdag 11. november 2010

....at du ikkje strakk til...

Dette lyt du bera

Dette lyt du bera:
at du ikkje strakk til,
at du var venglande fjør,
ikkje oddtung pil
i den sterke vinden.

Du kleiv ikkje bergi,
rodde ikkje vatnet,
drap ikkje draken, -
du kom ikkje då ho,
den einaste, ropa.

Um du var snøa med snø,
driven med dogg,
slegen med regn,
skulde du kome.
Valund med hogde
hælsenar sat,
men gjorde seg venger;
du sat og smidde
leikor åt born.

I draumar fær du,
ender og gong,
kliva bergi,
ro vatnet,
drepa dragen,
koma til henne.
Soleis vert ditt liv
fullbyrda.

Olav H Hauge i samlinga Mange års røynsle med pil og boge,
Det Norske Samlaget, Oslo 1988

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar