Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

søndag 27. februar 2011

Fra Åse-Marie Nesse til Halldis Moren Vesaas

Det nærmer seg månedsskifte og jeg må snart ta avskjed med Åse-Marie Nesse. Det er vemodig. Hatt følge med henne i 2 måneder og det har gitt meg mye. 

Fra fabelen Narren og Sorga, ble det kun en smakebit ~ men anbefaler et dypdykk i den. Diktsamlingene hennes fra 1989 og utover, gir jeg slipp på å presentere, men de er herved nevnt.

Jeg har valgt å gi Halldis Moren Vesaas oppmerksomheten i mars. Det gleder jeg meg til. Derfor er det morsomt å presentere en sekvens i biografien om Åse-Marie Nesse, som forteller om et møte mellom disse to kvinnene.

Den 11. juni 1992 var desse to dronningane saman i Universitetets aula i Oslo. Halldis Moren Vesaas og glaskunstnaren Benny Motzfeldt skulle ta imot Anders Jahres Kulturpris for 1992, Moren Vesaas for sine bragder som dikter og gjendikter. Åse-Marie var medlem i prisutvalet sidan prisen vart utdelt første gong i 1990, etter ynskje av Lars Roar Langslet. Ho var litteraturrepresentanten i et kollegium på fem, og som kvinne og nynorskbrukar var ho med på å gje kollegiet større breidd, seier Langslet. Ho var ei  flott  og staseleg dame med stor sjarm og mykje humor og ei frapperande vid orientering. I kollegiet var det kanskje ho som hadde dei sterkaste meiningane om prisutdelinga, seier Langslet.
Det var Åse-Marie Nesse som fekk æra av å halda talen for si 27 år eldre diktarkollega, forma som eit "veldig flott dikt til meg", ifylgje prisvinnaren.
Diktet til Halldis Moren Vessas - "Laurbærtreet" - opnar slik:

Sjå treet. Sjå, det står med nyutsprunge blomar
og lyser i sin lange, lykkelege sumar.
med røter djupt i Trysilskog og juninatt,
og krona er av sølv, og treet ber sin skatt
så vakt og varsamt fram i dagen, og så verdig.
Eit livsverk som er fullbyrda, men ikkje ferdig!

Prisvinnaren er ikkje snauare enn at ho kvitterer med eit dikt til talaren eit par dagar seinare. Det blir som ein humørfylt liten kappestrid mellom dei to markante diktarkvinnene:

Takk og pris til Åse-Marie
I Aulaen sa eg nære på "Nekse",
i staden for "Nesse". Du høyrde vel det?
Det skjedde sikkert fordi du kan hekse,
i alle fall veit eg du kan det med tre.
Dersom du rørte med hand eller fot,
eit stakkars tre som du hadde imot,
visna det visst frå krone til rot.

Mitt tre gjekk det heilt omvendt med,
og eg er så glad fordi du som heks
vil trolle med treet mitt slik at det veks
Som var det det grommaste Ragnhilds-tre
og jamvel lar laurber få gro på det!

Du trolla med ord, fantasifull, litt frekk,
så eg kjende meg reint som ei bjørk eg er glad i
(og du kanskje og) som ein kveld midt i mai
"vart heilt fri for røter" og seglde vekk.
Og vekk er eg framleis, mi sann, så smått -
takk vere mange. Blant dei ei heks
som eg takkar så varmt og ønskjer alt godt
og som sjølv er eit tre. Eg ser kor det veks.
Helsing Halldis. 13. juni 1992
(s. 383 - 384)

Fra biografien Åse-Marie Nesse ~ Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget 2010

lørdag 26. februar 2011

Meg har du gitt motet tilbake.....

Dialogen mellom Kvinna og Sorga i første akt fortsatte, slik jeg presenterte at den begynte igår 25. februar, med Kvinna som var så usigelig trøtt ~ og om hjerter som blir sterkere og større ved å være i bruk....

Sorga har noe på hjertet sitt ~ i denne dialogen med Kvinna, og litt lenger uti første akt, går dialogen slik:

Sorga
Det må kome ei tid da mennesket blir sjåande i si sorg. Ser kor sårbart livet er, ser at også eit anna menneskes hud er tynn, ser den fine linja i henders innside, ser skuggen av død over panna ~ og let han få vere i fred.

Og samtalen fortsetter i håp om det som kunne bli...
-----
Kvinna
Men døden finst.

Sorga
Ja, døden finst. Med det er ikkje den som er livets fiende. Heller ikkje sorga. Det er den frosne jord i menneskesinnet, dette Ingenmannsland der ingenting kan spire og gro. For sorga er varm. I den kan visdom vekse.

Kvinna
Meg har du gitt motet tilbake. Eg kan gå eit stykke til. Kom -

Fra fabelen Narren og Sorga, av Åse-Marie Nesse, J.W. Cappelens Forlag A/S 1984

fredag 25. februar 2011

Det hører altså med til historia.....

Jeg er så glad i denne fabelen Narren og Sorga og så skjer det som så ofte skjer med de bøkene jeg er så glad i ~ jeg forteller begeistret om dem  ~ låner dem vekk ~ og borte er de (akkurat som dem jeg har lånt og glemt å gi tilbake ;)).

Her om dagen gjorde jeg det som måtte gjøres. Denne boka til Åse-Marie Nesse er ikke mulig å oppdrive i bokhandlere lenger, så jeg ringte Stavanger Antikvariat. Lurere enn lurt. Det var service. Nei, han hadde ikke den! Men han ville undersøke. Og den mannen hadde forbindelser ~ med brukt-bok-handlere rundt omkring i landet. Idag kom Narren og Sorga i postkassen min, til en billig penge, fra Nynorsk Antikvariat AS i Tvedestrand!! O, lykke...

Eit hjarta lyder nok andre lovar. Det blir større og sterkare av å bli brukt.

Eit kjernepunkt i Åse-Marie Nesses forståing av det å vera menneske og av kvinne - mann- relasjonen er trua på det eigne valet. Kvinna og mannen må vera likestilte både i liv og i kjærleik - begge må velja i fridom. For å lukkast i eit liv saman må dei begge forandra seg.
------
Og kvinna, ho må leva ut vandraren i seg, våga å ta styringa over eige liv. Nesse ser Haugtussa som døme på den nye kvinna. Hennar litterære førebilete - det er korkje den hemnande Medea eller den passive og lagnadslause Solveig. Det er Haugtussa sjølv som riv seg laus frå mørkemaktene, ved kvinnestyrke. Åse-Marie Nesse ser Garborgs verk som eit klassisk verk om mennesket og maktene, som peikar eit hundreår framover i tid: "Mennesket, vandraren, er ei kvinne. Eit veldig kosmisk drama utspelar seg i sjela til ei pur ung jente. Ho er ikkje lenger berre eit statisk og ekstremt symbol i periferien av mannens sentralnervesystem. Det er Garborgs forteneste at han har sprengt dette tradisjonelle mønster i verdenslitteraturen."

Det er desse tankane Åse-Marie Nesse gjev dramatisk og lyrisk form i dei to skodespela Narren og Sorga (1984) og Johannes-pasjonar (1987).

I det lyriske fabeldramaet Narren og Sorga er Kvinna og Mannen på vandring med kvar sin fylgjesvein. Kvinna har Sorga, mannen har Narren. Vil dei to nokon gong kunna møtast?
(s.323 - 324)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget 2010.

Kvinna
Langt har eg vandra og lenger enn langt. Skal eg aldri få kvile?

Sorga
Vegen er lang. Du har ennå eit stykke å gå. Men set deg ei stund, eg ser du er trøytt. Set deg på ein stein. Eg kan vente.

Kvinna
Om eg kviler min fot, er eg like trøytt. Her inne - . I hjarta, i det som er att av mitt hjarta. Det er utslite, oppbrukt. Eg orkar snart ikkje meir.

Sorga
Eit hjarta lyder nok andre lovar. Det blir større og sterkare av å bli brukt. Det er det ubrukte hjarta som øydar liv, det hjarta som aldri våga og aldri ville. Som aldri levde.

Kvinna
Å, eg ville så mykje! Og hjarta våga det meste. Men nå eig eg ikkje krefter, som du ser.

Sorga
Det EG talar om, er den stille usynlege kraft som er med og held livet oppe. Du har ikkje lov å gi opp.

Slik starter dialogen i fabelen, mellom Kvinna og Sorga, og det er en dialog å tygge på - den vokser ...
Og jeg glemmer ikke så lett da jeg fikk oppleve det framført i Norheimsund i tre-dagers-bryllupet mai 1986.

Fra fabelen, Narren og Sorga, av Åse-Marie Nesse, J.W.Cappelens Forlag A/S 1984

onsdag 23. februar 2011

Fridom er meir enn å vinne slag

Fridom

Fridom er meir
enn faner i vind,
meir enn fest
ved ei open grind.

Fridom er meir
enn å vinne slag,
meir enn fråvær
av nederlag.

Meir enn vedtak
om våpenstans,
meir enn ære
og laurbærkrans.

Fridom er meir
enn roser og brød,
meir enn motet
til kamp og glød.

Fridom er sol
over frosen jord,
den milde styrke
i skapande ord.

Fridom er bandet
i bruers spenn,
den gode vilje
frå venn til venn.

Fridom er vørnad
for menneskeverd,
fridom er tillit
på ukjend ferd.

Fridom er sandkorn
silt mellom sand,
og lette steg
på ei steinet strand.

Fridom er havet
og skip og hamn,
fridom og kjærleik
har mange namn.

Åse-Marie Nesse, i samlinga Men du syng, Irina (1986) i Dikt i samling, 1999, Det Norske Samlaget

Kven skal arkivere - dine sju hundre tapte solnedgangar -

Men Irina held fram med å skriva dikt i fangeleiren. Ho ritar dikta inn i såpestykket med ei fyrstikke eller ei nål. Når ho kan dei utanåt, viskar ho dei ut og lagrar dei i minnet. Av og til får ho smugla ut eit dikt, skrive på ein ørliten papirbit. Og ho les for medfangane sine. Dei kallar dikta hennar for "frihetens svaler". Eitt dei lika godt, var det om "den raude kjolen":

Mange betaler sine regninger i drømmene,
andre forgyller tomme skjell...
Men mine drømmer maser om en fløyelskjole,
vinrød og overdådig som selve synden.
Å, uoppnåelige! Ikke av denne verden!
Ingensteds å få deg, ingensteds å gå med deg...
Men å! hvor jeg ønsker meg deg!
Stikk imot enhver fornuftig innvending -
Her inne, i mitt hjertes innerste avkrok,
har det spredt seg en snikende forgiftning
av tunge folder og skjønne broderier...
Å, denne barnslige, trassige drømmen
om skjønnhet! Ikke  brød, ingen skinnende saler -
men ublekte, kongelige kniplinger,
vippende rosetter, kokette bånd - men nei!
Min dag er som et esel, med bissel og byrder,
min natt er øde og forlatt som fengselslyset.
Men i fantasien! - Gud forlate min synd! -
der driver jeg og syr denne kjolen, syr sting
nummer tusen, mens jeg tar på meg vindjakken
og knytter mine tunge svarte støvler.
(Irina Ratusjinskaja April 1983)

Mange år etter er det Åse-Marie Nesse som kjøper ein vinraud fløyelskjole, og som sender kjolen til Irina Ratusjinskaja. (s.342 - 343)

Fra boka, Åse-Marie Nesse - Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget 2010.

Den 12. februar 1986 sender Åse-Marie Nesse eit brev til Madame Raisa Gorbatsjova USSR, Moskva, Kreml: "Ein appell frå kvinne til kvinne, på vegner av ei anna kvinne som er i den største naud." Ho viser til Budapest året før, og til Irinas forverra helsesituasjon. Det norske utanriksdepartementet tek opp saka med den sovjetiske ambassaden i Oslo utan reaksjon. Den 4. mars, på Irina Ratusjinskajas 32-årsdag, står Nesses artikkel, "Irina - verdens samvittighet", i Aftenposten. "En poet fra Ukraina, med et rent barneansikt - hvordan kan hun være en trussel for en så mektig stat? Er det fordi alt det hun står for, er sterkere enn maktens mekanismer? Er det fordi hennes dikt vil overleve dagens system?"

Fra boka, Åse-Marie Nesse - Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget 2010.

Så lenge

Kven samlar opp for deg
- så lenge -
alle blømande enger
der du skulle dansa med vinden -
alle glitrande snøfnugg
som tenkte å bli til diadem
i ditt hår -
og nattergalsongen
i piletrea dine?

Kven skal arkivere
dine sju hundre tapte solnedgangar -
dei mjuke skumringstimane
ved samovaren -
og Doktor Zhivagos dikt om daggry
som skulle tent lys
i dine attlåste skuffer?

Kven skal ta vare på
 - så lenge -
alle dine ubrukte netter -
Igors heimlause elskarhender -
og dei barn
du skulle sett til verden?

Fra diktsamlinga Men du syng, Irina (1986) av Åse-Marie Nesse,
i boka Åse-Marie Nesse, Dikt i Samling, Det Norske Samlaget 1999

tirsdag 22. februar 2011

Den fargar bjørkeskogen grøn i Sibir

Viljen

Det går ein stor vilje gjennom verden
Den tvingar Negevs ørken til å bløme
Den får korn til å gro i Katmandu
Den vatnar fire tulipanar i Narvik
Den syg honning av Winnipegs prærie
Den fargar bjørkeskogen grøn i Sibir
Den finn røde skattar i Sierra Nevada
Den tiner Vatnajøkull millimetervis
Den lokkar fram vindruer i lavastein
Den let tørstande palmar bere frukt
Den sår solsikkefrø mellom tistlar
Den spinn silke av bølgeblekkdraumar
Den set ut garn på tusen famnars djup
Den er rødstrupens song blant kanonar
Den held mennesket oppreist i motvind

Åse-Marie Nesse,  Men du syng, Irina (1986)  i Dikt i samling, Det Norske Samlaget 1999

men du heldt fram med å synge

I 1985 ble det arrangert et kulturforum i Budapest.

Åse-Marie Nesse  - på dette tidspunkt representant for forfattarane i Norsk kulturråd og styremedlem i Norsk P.E.N. - var ein av deltakarane i den norske delegasjonen, som var leia av tidlegare Moskva-ambassadør Dagfinn Stenseth og ekspedisjonssjef Knut Sverre frå kulturavdelinga i UD.
------
I det litterære forumet hadde landa i vest gjort spørsmålet om fengsla forfattarar i Sovjetunionen til eit hovudtema, og fem forfattarar vart nemde ved namn. Federenko, sekretæren for den russiske forfattarforeininga, hadde påstått at desse fem ikkje hadde noko med litteratur å gjera. Russarane heldt fram at dei var simple forbrytarar og heilt ukjende som forfattarar. Åse-Marie Nesse kunne då visa til at ho hadde "ei vakker og orginal diktsamling av ei av dei nemde forfattarane, Irina Ratusjinskaja, liggjande heime på skrivebordet". Og ho fortalde det ho visste om denne lyrikaren og forfattarskapen hennar, og at ho var i ferd med å sona ein dom på sju år og fem års indre eksil.

"Dette kom tydlegvis uventa på Sovjet-delegasjonen. Og eg trur det gjorde inntrykk."
(s. 338 - 339)

Kven er så Irina Ratusjinskaja? Det korte svaret er: Ung kvinne, dissident, menneskerettsforkjempar og forfattar i Sovietunionen.
(s. 341)

Men du syng

Og dei henta deg seint i september
Og dei reiv opp ditt liv med røter
Og dei murte sommaren inne
Men du heldt fram med å synge

Og dei røva din blømande ungdom
Og dei raka ditt houved og hånlo
Og dei kledde deg i sekk og aske
Men du heldt fram med å synge

Og dei låste di dør med sju segl
Og dei slo av himmelens sol-omn
Og dei sløkte måne og stjerner
men du heldt fram med å synge

Og dei saga opp dagen i bitar
Og dei gav deg mørket å ete
Og dei gav deg mismod å drikke
men du heldt fram med å synge

Fra samlinga Men du syng, Irina, av Åse-Marie Nesse, Det Norske Samlaget, 1986

Vel tre månader før Irina Ratusjinskaja blir sett fri, leverer Åse-Marie Nesse manus til si sjuande diktsamling til Det Norske Samlaget - Til Irina. Det positive svaret kjem etter fem dagar. Tittelen blir Men du syng, Irina. I oktober kjem boka ut - akkurat i tide til å få prenta på omslaget: 10. oktober 1986, dagen før toppmøtet i Reykjavik, kom meldinga om at Irina Ratusjinskaja er sett fri.
------
Om Vinterhuset og Lysår kjem frå eit syrgjande hjarta, spring Men du syng, Irina ut av eit brennande hjarta. Det er personlege dikt, men på ein annan måte enn i dei to førre bøkene. Der skapte ho si eiga, subjektive sorg i ein eksistensiell situasjon om til song, attkjenneleg for andre. I den nye boka er dikta forankra i eit verdisyn like mykje  som i kjensler og borne oppe av eit engasjement. Det er eit engasjert og bankande hjarte som syng for, og til, ei ung diktarsyster.
(s. 346)
---
Og i kampen for Irina og i dikta til henne ligg det implisitt ei sterk tru på, og eit forsvar for, ordet - det frie ordet. (s. 346)

Fra boka  Åse-Marie Nesse - Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad

søndag 20. februar 2011

Slik skulle mennesker møtast ~ ~ vi som veit at vi skal visne

Fellesskap

Det nye fellesskapet
er finare enn mange kjennskap
og vennskap, varmare også
varmer like inn i den smerten vi har saman
vi som må bere våre mødrer
det siste stykket
bere den bør som er tyngre
og lettare enn alt

Vi møtest ved inngangen
passerer einannan i korridoren
sit i kvar vår sofa
i den store gjestestua
med armen om ei mors spinkle skuldrer

Vi vekslar ingen ord
spør aldri om namn og adresse
vi utvekslar blikk
vi smiler på ein ny måte
vi gir kvarandre gjenkjennings kraft
i korte stunder

Slik skulle menneske møtast
også i vårens yre venterom
på sommarens hektiske høgder
og i den skarpe lufta om hausten

Som blomar
skulle andlet opne seg
mot einannan
mot den livgivande sol
vi som veit
at vi skal visne

Åse-Marie Nesse (Vinterhuset, 1981) i Åse-Marie Nesse, Dikt i samling, 1999 Det Norske Samlaget.

men ingen ting blir arkivert

Å skildre det som skjer med og mellom mennesker når språket ikke lenger duger som før, når demenslidelsen er langt kommet. Det gjør Åse-Marie Nesse, i mange av diktene i samlingen Vinterhuset,  fra 1981. Det første verset i diktet her, har noen for meg litt fremmede, men klassiske begrep i seg. Så dette diktet om språket, er mere tilgjengelig hvis jeg holder ut motstanden i første vers. Antakelig vil det åpne seg for meg, seinere ~ om jeg bare holder ut ~ slik jeg opplever at det er med så mange slags kunst-uttrykk. Det åpner seg for den som fortsetter å tygge, og fundere og holde nysgjerrigheten levende... Vi er som regel klokere enn vi tror, alle sammen ~ om vi bare gir oss tid, og ikke lar oss lure til å tro at vi har så dårlig tid ....


Språket

Språket
viser fram ein feilfri fasade
i ulike stilarter
aggressiv Jugend og art nouveau
rokokko er stadig på moten
er språket eit lysthus
eller ein festning

men nokon når inn
der språket er nesten ordlaust
vegen er ein lang labyrint
det blir stillare og stillare innover
underlege ekkolydar minner
om ord
tankestreka er gode å lytte til
alle små teikn er som takdrypp
innskotne setningar duvar sakte
mot øyremuslingen, i lange dønningar
skyl i land vrakgods
frå språkets forlis

på innsida av språket
spør ingen om form og funksjon
berre om fargane er ekte
og om orda har kroppstemperatur
måleapparatet er finjustert
med innebygt løgndetektor
det minste avvik frå det maksimale
blir registrert

men ingen ting blir arkivert
ingen ting å snakke om, i alle fall
ingen ting anna enn litt varme

Fra diktsamlingen Vinterhuset, 1981, av Åse-Marie Nesse, i boka  Dikt i samling, 1999, på Samlaget forlag.

den som er ute, kan sjå inn / men vil ikkje

Med utgivelsen av diktsamlingen Vinterhuset som kom i 1981, gir Åse-Marie Nesse oss nye perspektiv på det å eldes, og det å bli avhengig av omsorg fra andre mennesker.

"Eg prøver ikkje å dekkja over at det er Blidensol sjukeheim i Stavanger eg har i tankane", seier Åse-Marie Nesse før boka kjem ut."
-------
Per Thomas Andersen gjer ein grundig og reflektert gjennomgang av Vinterhuset i artikkelen "Kva er det som er viktig".
Andersen peiker på at ikkje mange verk i norsk litteratur har gjort alderdomen og røyndomen til ein omsorgspasient til houvedtema for ei heil bok.
(s. 302)
-------
Det er kanskje det tragiske skismaet mellom innanfor-sfæren og utanfor-sfæren i "vinterhuset" som er det viktigaste konfliktstoffet i boka, meiner Andersen:

den som er inne, vil sjå ut / men kan ikkje
den som er ute, kan sjå inn / men vil ikkje
(s. 303)

 Fra biografien Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabeth Vallevik Engelstad, Samlaget 2010

tirsdag 15. februar 2011

Hva er din sorg, hvem har forlatt deg søster?

Da jeg mista mor mi i 1988, uten forvarsel og mens jeg enda ikke hadde tanke for at foreldre kunne dø, fant jeg stor trøst i diktet til Åse-Marie Nesse, som jeg vil presentere her. Jeg oppdaga at jeg ikke var alene.

I samband med Vinterhuset, i 1981, gav Åse-Marie Nesse uttrykk for at orda skal vera levande og skapande, dei skal formidla tanke, kjensle, varme. Gjennom ordet gjev ein seg sjølv, og gjennom ordet tek ein inn medmennesket. Ein kan vera open utan å vera indiskré, ein kan stiga nær innåt eit anna menneske utan å vera påtrengjande.
No, fire år seinare, seier ho, har ho røynt at di lenger inn i det personlege ein vågar å gå når ein skriv, di meir allment og gjenkjenneleg blir det for andre.
Det er modig litteratur, skriv Sverre Mørkhagen, fordi ho vågar å nærma seg seg dei sidene ved tilværet som vi oftast vernar oss mot. I lysande og klåre setningar grip ho tak i dei løynde dimensjonane som rommar svara vi brukar eit heilt liv på å finna. Boka opnar med sonetten Danaide: (s.332 - 333)

Rodin: Danaide

Så ett med denne jord og enda ånd,
mer utsatt enn ett laurbærblad i lunden,
så ene, uten trøst i smertestunden.
Den smale ryggen bærer tusen tonn.

Hun banker seg til blods med høyre hånd
på verdensberget, som er hardt på bunnen,
en dråpe grunnvann lesker knapt nok munnen
og hjertet brister med de brutte bånd.

Hun hører bare ôm av fjerne røster
og kryper sammen som en såret hind
mens pannen stanger mot en lukket grind.

Hva er din sorg, hvem har forlatt deg, søster?
Du er en ordløs i et klagekor.
Er også du en datter uten mor?

Åse-Marie Nesse i samlinga Lysår, Cappelen, 1985
og gjenngitt i boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad

mandag 14. februar 2011

Skrumringstimane når sanselaus sorg bryt igjennom

Mørketimar

Også dei mørke timane må teljast
bit for bit, til dei blir ei kappe
tett nok til å sveipe omkring seg
på kalde dagar
lett nok til å bere på armen
om sol skulle skje

Søndagstimane
når mor er uendeleg fjern og framand
heime i sitt eige hus
og ingen bodskap synest å nå inn
Når alt i meg skrik etter svar
og ei døyvd fortviling bankar i blodet

Skumringstimane
når sanselaus sorg bryt igjennom
alle vernande lag av tilkjempa ro
Når tankane berre kryp i ring
og virvlar opp forgjengeleg støv
utan å skode ei einaste stjerne

Nattetimane
når gåtene blir harde under hovudet
ein stein utan draum og himmelstige
ingen englar til og frå
men ein stein som veks og veks
til eit innsiktstårn i natta

Morgontimane
når eg helst vil retunere denne røynsle
slynge den ut mot ein urettvis avsendar
fornekte einkvar dyrekjøpt dimensjon
og starte dagen uvitande og blank
som eit bjørketre om våren

Også dei mørkaste timane må teljast
dei er nesten like sanne som sekunda av lys

Åse-Marie Nesse  i samlinga Vinterhuset 1981

fredag 11. februar 2011

Ein mann tar seg tid til å tenke / på andre, og hente og vente / han får ingen medalje

Stor arv det er

Nå står åkrane gylne på Jæren
for femte gong, far -
og du er like død.

Tenk, at du aldri ei einaste
orgeltung vinternatt
vakna av tåkeluren frå Feistein fyr,
der du ligg og søv, søv
med di vestvende sjel.

Åse-Marie Nesse  i samlinga Lysår (1985)

"Å skrive er eit forsøk på å overleve. Ta spenntak på eit usynleg Ararat og halde seg oppreist." Med diktsamlinga Lysår (1985) er det som om Åse-Marie Nesse gjer nett det. Tek spenntak, stirer døden i kvitauga. I Vinterhuset (1981) hadde ho først og fremst teke tak i overgangen mellom liv og død - brå eller langsam. I Lysår er det tapet og sorga, døden som fenomen. Ho ser på han, frå alle kantar, som vil ho bli godt kjend med han. Kanskje blir han mindre farleg slik. Kanskje har ho lært noko av meksikanarane si tilnærming til døden, mange av dikta har eit islett av humor, trass i det alvorlege emnet.
Ho omskapar sorga til song, lar sorga få eit poetisk uttrykk. Men det gjekk først eit år.
(s. 332)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Samlaget 2010.

Tittelen på dette innlegget er hentet fra diktet Ettermæle, av Åse-Marie Nesse i diktsamlinga Vinterhuset fra 1981.

onsdag 9. februar 2011

Å danse ein vinter er ein annan dans.........

Om Åse-Marie Nesse seier Havnevik under overskrifta "Alene med verden" at ho sto på sida av dei rådande retningane i 1970 - åra, at ho medvite plasserte seg i en annan tradisjon. Det er først med si femte diktsamling - Vinterhuset (1981) - meiner Havnevik - at ho braut igjennom som lyrikar.
(s. 291)

Åse-Marie Nesse mista begge foreldra sine ved inngang til 1980 årene, faren brått og mora etter demenssykdom.

Så ER døden en del av livet, hennar eige liv på jorda. Og sorga. - Ein ny dimensjon kjem til i liv og diktning. Ein ny tone, nye tema. Til no hadde dikta først og fremst sprunge ut av det levande livet, av gleda, kjærleik - agape og eros - , av menneskemøte i liv og litteratur. Død og sjukdom fanst ikkje i partituret - før no.
(s. 296)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget 2010.

Dans

Å danse ein sommar
er ingen kunst
eit overmodig  kast med nakken
virvlande takt
ein lengsel
som flagrar sin eigen blinde kurs
ikkje rør dei røde sko
lenger framme er vegen full av steinar

Å danse ein vinter
er ein annan dans -
i den store vintervalsen
er rytmen sakte voggande
som veldige vatn
foten trør ved sida av jorda
hjarta tikkar ungt
nesten urørt

David dansa i all sin velde
nokon dansar i all si avmakt

Fra samlinga Vinterhuset (1981), i boka Åse-Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget 1999.

...torsdag 24. mars kl 1200....i Stavanger Kulturbibliotek....

Elisabet Vallevik Engelstad, som skrev biografien om Åse-Marie Nesse i 2010, kommer til Stavanger i det faste arrangementet Bokprat ved Stavanger Kulturbibliotek kl 1200 den torsdagen i mars ....

Jeg gleder meg for den dagen har jeg til alt hell - fri - og skal nyte å være tilstede, for forfatteren har gjort inntrykk på meg i dokumentaren og Åse-Marie Nesse sin lyrikk og modige liv, berører mitt liv...

mandag 7. februar 2011

...med smil i heile kroppen....

Indianerjenter, Oaxaca

to jenter i ein solvegg
Guadalupe og Santos
to Zapoteca-jenter
frå San Martín pueblo
to huipil-kledde jenter
med fletter og sandaler
to løyndomsfulle jenter
med stammefolkets visdom
to kjernesunne jenter
med smil i heile kroppen
to lattermilde jenter
på tretten eller fjorten
to glade tøysejenter
som ennå kan få leike
som ennå kan få lære
som ennå kan få håpe

huipil = heilvoven kvinnedrakt

Åse-Marie Nesse i samlinga Solstein (1976)

søndag 6. februar 2011

....folket i landsbyen har ein nedervd kunnskap om naturen...

Åse-Marie Nesse reiser til Mexico i januar 1977, for tredje gang i løpet av to år.

Og denne gongen skulle det ikkje vera nokon kort visitt. Ho har permisjon frå universitetet heile vårsemesteret og har leigd ut husværet sitt i Oslo til den 1. september. Ho skal skriva.
(s. 274)

    "Og månen ser annleis ut på desse breiddegrader, han veks frå botnen og oppover, ikkje sidelengs som i nordlege himmelstrøk. Først når du har sett dette, forstår du symbolikken i meksikanske dikt: El barco de la luna, måneskipet. For nymånen sigler sin båt over botnlause kvelv, eit evig, eldgammalt romskip, som aldri kjem ut av kurs."
    Ho opplever at folket i landsbyen har ein nedervd kunnskap om naturen, dei har ein sikker og instinktiv sans for gode og rette ting. Sjølv kjenner ho seg som del av ein kultur der urspråket har gått tapt, ei form for degenerasjon, ein kultur som har fjerna seg fatalt frå det enkle og sjølvsagde og vendt seg mot døde ting, ein syntetisk kvasirøyndom.
(s. 276)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Samlaget, Oslo 2010.

Morgon i ein pueblo

Ho står opp før sola -
flettar sitt hår
og går til si morgonmesse:

tenner opp eld på åren
 - inngangsbøn utan ord

knuser maisen med morter
på ein metate av lavastein
 - hundreårs heilage rytme

klappar deigen til flate små soler
 - henders eldgamle lovsong

bakar tortillas med duft av det lova landet
 - oblatar for truande munnar

deler dei ut til barna og mannen
alvorleg
stillferdig
 - maisgudens mjuke prestinne

metate = låg krakk til å knuse mais på
tortillas = flate maislomper

Åse-Marie Nesse, Solstein 1976, i samlinga Åse-Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999.

...gi oss idag vår daglege mais...

Kveldsbøn i ein pueblo

Pappa vår du som er i byen
ikkje gløym våre namn
la pengane kome
la mammas vilje skje
når du kjem heim
som når du er borte
gi oss idag vår daglege mais
og forlat oss vår armod
som vi óg forlét deg
at du reiste frå oss
før oss ikkje ut i tigging
og frels oss frå det verste
for ansvaret er ditt
og makta og æra
 - ennå ei tid

Åse-Marie Nesse (Solstein 1976)

fredag 4. februar 2011

...å leva sitt liv som intellektuell kvinne...

Åse-Marie Nesse knyttet sterke bånd til Mexico gjennom tre opphold der i årene 1975 til 1977. Det får vi del i gjennom diktsamlingen Solstein (1976).

"Ja, eg var tre gonger i Mexico dei siste to åra, det kan verka eventyrleg og utruleg. Likevel er det sant - og ikkje mindre eventyrleg", skreiv Åse-Marie Nesse til Irmgard Lücking i august 1977.
(s. 257)

Ho hadde oversatt en stor meksikansk roman La muerte de Artemio Cruz av Carlos Fuentes.
Honoraret ho fikk for den romanen rakk akkurat til flybilletten til Mexico. Dette var i 1969. I 1971 kom gjendiktninga av meksikansk lyrikk i samlinga Maisguden lyser i natta, på Det Norske Samlaget.

Åse-Marie Nesse søkte utover. Etter røtene til den norske kulturen i vid forstand, men òg til andre og framande kulturar, til ei ny verd. Det kan vera fleire grunnar til dette. Ein av dei kan vera interessa for grunnvilkåra i menneskelivet, djupast sett dei same, men med så mange ulike uttrykk. Ein annan kan rett og slett vera trong til å koma ut av den heimlege tunnelen - .
(s. 257)

Det kan ikkje seiast at lyrikaren Åse-Marie Nesse valde minste motstands veg og snudde kappa etter vinden. Ho heldt fast ved sitt, både i tema og skrivestil, på tvers av motar og trendar.
(s. 268)

Åse-Marie Nesse skriver et dikt med tittelen Sor Juana de la Cruz,  i diktsamlinga Solstein (1976).
Dette var ei meksikansk kvinne som levde 1651 - 95. Åse-Marie Nesse ønsket å gjøre henne kjent for et norsk publikum.

Ho var fødd med heilt uvanlege evner - å lesa lærde ho seg alt som treåring - og med ein umettande trong til lærdom og kunnskap. Som kvinne fekk ho ikkje skulegang, langt mindre tilgang til universitetet. Ho var autodidakt og tileigna seg all den kunnskap ho hadde tilgang til - klassisk gresk og latin, teologi, musikk, matematikk - alt som ung jente og skreiv formfulle dikt som åtteåring. Ho var vidgjeten, både for sine intellektuelle evner og sin venleik, og 14 år gamal vart ho kalla til hoffdame for visedronninga, der ho snart vart eit midtpunkt.
16 år gamal seier Juana farvel til hofflivet og går i kloster.
(s. 263)

Klostercellene var ofte åndelege kraftsenter og møtestader for kultureliten, og -  nettopp - litterære salongar. Sor Juana si klostercelle var eit husvære i to etasjer, og ho hadde tenestejente. Cella hennar var fylt med bøker - over 4000 til slutt - med musikkinstrument, notar, kart, vitskapeleg utstyr. Ho heldt fram med sine studium av alt som kunne studerast, og med si litterære verksemd - og cella hennar vart snart den viktigaste kulturelle møteplassen i hovudstaden.
---
Sor Juana oppfylte elles alle krav til ei god nonne, sjølv om livet hennar i klosteret slett ikkje berre gjekk ut på forsaking og tru. Likevel var det ikkje eit lukkeleg liv. På grunn av sin intelligens og store trong til lærdom vart ho som kvinne utsett for mange åtak og forfylging. Slikt kunne ikkje eingong dei mektige venene hennar gjera noko med. Det er inkvisisjonens tid.
(s. 264)

I 1994 ble det i Bergen arrangert et seminar med fokus på dokumentet The Answer, der professor Åse-Marie Nesse deltok. Dokumentet The Answer, er Sor Juana sitt svar på alle forsøk på å få henne til å tie stille, og det ble det siste hun skrev.

Sor Juana forsvarer sin rett til å leva sitt liv som intellektuell kvinne. Slik blir dette eit dokument som skriv seg inn i den vestlege feminismen som eit forsvar for kvinna sin rett til å utvikla og bruka sin eigen inteligens og sitt eige intellekt.
(s. 265)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Samlaget 2010.


Sor Juana de la Cruz
(1651 - 95)

Eit gyllent hundreår. Ein soloppgang. For menn.
Da du såg dagens lys, ei fattig landsbyjente,
du kravde fort din del og ville ikkje vente!
Og sol og måne lo, og bøygde seg igjen.

Du leikar på latin, ditt vakre andlet brenn.
Eit univers, ditt sinn, med alle stjerner tente.
Eit edelt instrument med alle strenger spente.
Snart strøymer det av ord og notar frå din penn.

Men midt i vårens tid du seier brått farvel
til jordisk lidenskap. Så ble du Jesu brud.
Di klostercelle er eit centrum, ein salong

for tankar, ord og lys, til siste mørket fell:
Du må forsake alt, og berre tene gud...
Du tar din død av det - men lever att i song.

(Solstein, Det Norske Samlaget, 1976)

Fra boka: Åse-Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999.