Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

fredag 11. februar 2011

Ein mann tar seg tid til å tenke / på andre, og hente og vente / han får ingen medalje

Stor arv det er

Nå står åkrane gylne på Jæren
for femte gong, far -
og du er like død.

Tenk, at du aldri ei einaste
orgeltung vinternatt
vakna av tåkeluren frå Feistein fyr,
der du ligg og søv, søv
med di vestvende sjel.

Åse-Marie Nesse  i samlinga Lysår (1985)

"Å skrive er eit forsøk på å overleve. Ta spenntak på eit usynleg Ararat og halde seg oppreist." Med diktsamlinga Lysår (1985) er det som om Åse-Marie Nesse gjer nett det. Tek spenntak, stirer døden i kvitauga. I Vinterhuset (1981) hadde ho først og fremst teke tak i overgangen mellom liv og død - brå eller langsam. I Lysår er det tapet og sorga, døden som fenomen. Ho ser på han, frå alle kantar, som vil ho bli godt kjend med han. Kanskje blir han mindre farleg slik. Kanskje har ho lært noko av meksikanarane si tilnærming til døden, mange av dikta har eit islett av humor, trass i det alvorlege emnet.
Ho omskapar sorga til song, lar sorga få eit poetisk uttrykk. Men det gjekk først eit år.
(s. 332)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Samlaget 2010.

Tittelen på dette innlegget er hentet fra diktet Ettermæle, av Åse-Marie Nesse i diktsamlinga Vinterhuset fra 1981.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar