Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

mandag 14. februar 2011

Skrumringstimane når sanselaus sorg bryt igjennom

Mørketimar

Også dei mørke timane må teljast
bit for bit, til dei blir ei kappe
tett nok til å sveipe omkring seg
på kalde dagar
lett nok til å bere på armen
om sol skulle skje

Søndagstimane
når mor er uendeleg fjern og framand
heime i sitt eige hus
og ingen bodskap synest å nå inn
Når alt i meg skrik etter svar
og ei døyvd fortviling bankar i blodet

Skumringstimane
når sanselaus sorg bryt igjennom
alle vernande lag av tilkjempa ro
Når tankane berre kryp i ring
og virvlar opp forgjengeleg støv
utan å skode ei einaste stjerne

Nattetimane
når gåtene blir harde under hovudet
ein stein utan draum og himmelstige
ingen englar til og frå
men ein stein som veks og veks
til eit innsiktstårn i natta

Morgontimane
når eg helst vil retunere denne røynsle
slynge den ut mot ein urettvis avsendar
fornekte einkvar dyrekjøpt dimensjon
og starte dagen uvitande og blank
som eit bjørketre om våren

Også dei mørkaste timane må teljast
dei er nesten like sanne som sekunda av lys

Åse-Marie Nesse  i samlinga Vinterhuset 1981

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar