Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

mandag 31. januar 2011

...somme dagar er nesten sjenerte..

Jeg har kommet til det ~ at Åse-Marie Nesse kan jeg ikke gjøre meg ferdig med på en måned. Jeg trenger to, så ho bli med meg inn i februar og vi får glede oss over det ho har gitt oss av poesi ~ lenge ennå!!

Om å telje våre dagar

Lær oss å telje våre dagar, seier salmisten,
at vi kan ha visdom i hjarta
Det er lettare sagt enn gjort å telje sine dagar
som oftast flyg dei så fort
at du rekk ikkje å telje dei før dei er borte
og i det første beste friminutt
flyg du på dør og gir ein god dag i matematikken
somme dagar er nesten sjenerte
stiller seg bakerst i køen og klumpar seg saman
finn på dei mest trulege ting
for at det skal bli mest mulig uråd å telja dei
så er det dei overmodige dagane
dei manøvrerer seg fram med pauker og trompetar
og vil teljast heile tida
det er best å ignorere dei så kan dei ha det så godt
eit teljekorps ville vere tingen
men så var det altså dette med visdom i hjarta
ein skulle nok ta det alvorleg
er det lov å telje på fingrane eller er det forbode
kanskje ei gammaldags kuleramme
visdom er vel vanskeleg å oppnå med kalkulator
og dagar er ikkje som pengar
du kan telje dei du har brukt opp og bokføre tapet
men ikkje dei dagar du har att

Åse-Marie Nesse i diktsamlinga Levande tid, Dreyer 1989

søndag 30. januar 2011

fårleg å verta usams med damor...

Åse-Marie Nesse og Olav H. Hauge var samtalepartnere. Ho kalte han, mannen med gullvekta, når ho sendte sin andre diktsamlig til ham i 1973, Til ord skal du bli.
Åse-Marie Nesse sender kort til Olav H. Hauge fra Kreta og vi får del i dialogen mellom dem gjennom blant annet dagboknotater han skrev.

Ho var på Rossvoll hjå Hauge to gonger. Han skriv: "Planta 17 frukttre i dag. Sov elles ille i natt, kanskje sa eg for mykje i går, eg er redd eg fornærma den fagre Åse-Marie Nesse, eg kan ikkje heilt vera samd med henne i synet på `poesi`. Diverre. Det er elles fårleg å verta usams med damor."

Vonleg roa han seg etter helsinga frå Kreta. Men ho hadde gløymt att solbrillene sine - som ho elles kunne hatt god bruk for der ho no var: "BRILLOR. Åse-Marie Nesse la att solbrillone sine i vår: Dei er grøne. Ho ser verdi grøn. Godt. Mange ser verdi gjennom blå brillor. Det er optimistane. Sume ser dei gjennom raude, det er kommunistane. Svarte brillor? Eg har sjølv svarte brillor, det er det tryggaste." (s. 249 - 250)

Fra boka, Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, Det Norske Samlaget 2010

Pär Lagerkvist

I skyminga
når andre tenner kvar sin lengsel
da gir du jord og stjerner nye namn
og spør ei lenger etter håp og hamn
for det er nok
å vere pilgrim på det vide hav
og tale med ein fallen bror på dekk
og vite at det finst eit heilag land
ei sannings-strand
dit berre hjarta rekk

Fra samlinga Til ord skal du bli (1973) i boka:
Åse-Marie Nesse, Dikt i samling  Det Norske Samlaget1999

onsdag 26. januar 2011

vi svik den kalde krigen med eit kyss..

Infiltrasjon

Nei, ingen styremøte, ingen komitéar
send alle skriv med første fly
til himmels, vekk ein ny
homerisk latter på Olympen

så samlast vi på jorda, to og to
og tre og fire, fem og fem
gir kvarandre tillitsverv
og diktar våre muntre manifest
med blekk og penn og duefjør

vi reiser oss mot alt
som lid av dødsforakt og livsforakt
som strekar opp vår framtid med linjal
som gjer oss mindre enn ei gåte
og ein song

kom, så møtest vi på brua
midt på torget eller langt nord i skogen
eit nett av fri-villige, ut-doktrinerte
austafor sol og vestafor måne

og vi svik den kalde krigen
med eit kyss

Åse-Marie Nesse i samlinga Nomadesongar (1978) i boka Åse-Marie Nesse, Dikt i Samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999

tirsdag 25. januar 2011

fri til å danse utan deg ~ om sol eller måne for eksempel byd meg opp

Åse-Marie Nesse debuterte med diktsamlinga Av hav er du komen, i 1970.

"Odyssevs debuterer på ny i haust, ja, det blir ei lita samling dikt om bølgjer og strender, den har ikkje namn ennå - kan du hjelpa meg? Eg er glad - og redd. Men kjende det rett å gi seg ut på brådjupet. Halldis M. og A. Eggen var konsulentar." Det er Åse-Marie Nesse som skriv dette til Jakob Thingnes i august 1970 frå München, der ho er på kurs ved Goethe-instituttet.
-------

Eit kvinneliv inneheld både draum og lengt, kjærleik og kvardag - og tre kvinner må til for å framstilla det. Odyssevs er den same, eine. Men for å bli eit heilt menneske treng både mann og kvinne å ta i bruk alle sine ressursar - både draum og kjærleik, realisme, vågemot og eventyrlyst - vera både Navsikaa, Kalypso, Penelope og Odyssevs på ein gong - .

Fra boka, Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget , Oslo 2010, (s. 197 og s. 202)

Erklæring                           
                                                                  Weil ich dich niemals anhielt
                                                                  halt´ ich dich fest.    Rilke

Fri til å velje
deg, deg
om og om igjen
utan å binde deg

Fri til å vekse
ved siden av deg
og vite at vi har røter
i same jord

Fri til å krype
inn til deg
når fridomen blir for stor
å bere aleine

Fri til å puste
borte frå deg
om det kjennest for tett
mellom røde vegger

Fri til å lengte
etter deg
kvar gong du går på vegar
langt borte

Fri til å danse
utan deg
om sol eller måne for eksempel
byd meg opp

Fri til å krevje
av deg
at du stiller dei same krav
om nærleik og fridom

Fri til å kjenne
for deg
den truskap som er ansvar
for eit hjarta

Fri til å gråte
hos deg
over alle dei ufrie sjeler
som dømmer oss

Fri til å leve
med deg
i regn, på ein torsdag
neste venter
eller resten av livet

Åse-Marie Nesse i samlinga Nomadesongar (1978) i boka Åse-Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999.

søndag 23. januar 2011

kjærleik er også eit rop i motvind....

Legg ikkje ditt liv i mi hand

Legg ikkje ditt liv i mi hand
om min kjærleik er svar
min kjærleik er også eit rop
i motvind

legg ein blom i mi hand
ein tusenfryd i dag
ein tistel i morgon
og den lækjande urt
som veks av tårer

legg ein fugl i mi hand
ein pjuskete liten fugl
så stryk eg han vakker
og lærer han å flyge:
Kom tilbake når du vil

legg di hand i mi hand
så er vi sterke saman
så er vi svake saman
så er vi saman

men tyng meg ikkje ned
med din kjærleik
legg ikkje ditt liv i mi hand
lev sjølv  -

Åse-Marie Nesse (Nomadesongar 1978) i samlinga Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999

fredag 21. januar 2011

Kjærleiken driv ustrategisk krigføring

Åse-Marie Nesse løfter fram kvinnene Anne Hathaway som var kona til William Shakespeare og den gifte Charlotte von Stein som var Goethe si nære sjelevenninne og inspirator gjennom mange år.

Begge reiste dei på ein måte frå desse kvinnene - Shakespeare til det frie diktarlivet i London, Goethe til Italia i all hast.
------
Diktarane gjorde som dei ville, som dei måtte. Men det gjekk ut over dei næraste, og som kvinne kan ho sjå livet fra deira ståstad. Samstundes kan ho setja seg inn i diktarens fridomstrong - . Ho óg har hug til å vera fri, råda over eige liv, dikta... Kva kan bli hennar plass i ein manns liv? Og mannen i hennar? Midt på sekstitalet er kjønnsrollene i det store og heile framleis klårt definerte.
          I august 1966 vitjar ho Jakob Thingnes på hytta hans "Segl Inn" i Vevring i Sunnfjord. Dei to var samde om å halda kontakten, i alle fall så lenge det ikkje var andre. "Men bakom er ei bru som ennå bind - ." Det var fine sumardagar ved fjorden - seglturar med Nausikaa, blåskjel og bål i fjøresteinane, dikt og musikk. Ho legg att eit dikt, med "takk for gode dagar ved Nausikaas strand -." - "Vi hadde det fint i lag," seier Jakob Thingnes. Serleg dei litterære interessene batt oss saman. Og breva. Dei korte møta vart meir som ein fest. Men vi hadde ingen kvardagar saman - vi levde på ein måte i kvar vår verd."
          Motivkrinsen i Odysseen - urforteljinga om den store reisa i vestleg sivilisasjon - opptek henne på denne tida. Diktet ho legg att på Segl Inn, er "Kalypso syng", det som opnar med Dine hender er brune Odyssevs. Diktet er ein del av "Odyssé", ei form for vekselsong mellom fire av hovudpersonane i Odysseen - Odyssevs, Penelope, Kalypso og Nausikaa. Ei kvinne kan nok kjenna seg att i alle dei tre kvinnene. Men det er Odyssevs som er helten. Det er han som får ting til å henda. Det er han som er den aktive, det handlande subjektet. "Eg er Odyssevs," seier ho til Jakob Thingnes. Kan henda vil ho sjølv vera kaptein på eiga skute. Kan henda  kjenner ho seg etter kvart vel så mykje i slekt med han, den aktive, som med dei kvinnelege stereotypiane - den ventande, den sanselege, den uskuldsreine. Kan henda kjenner ho at det kan vera ein viss motsetnad i dette - på den eine sida trongen til eit fritt og skapande liv, og på den andre impulsen til å gå inn i den trygge og tradisjonelle kvinnerolla, kvinnekvardagen.

-------

Gerilja

Kjærleiken
driv ustrategisk krigføring

rekrutterer i aust og vest
vil erobre den sjuande himmel
bygger usynlege luftbruer
kamuflasje av roser og tornar

ingen befal og system og geledd
berre uorganisert fotfolk

sjølvlysande stormtroppar
mot panser og barrikadar

ein verdensomfamnande gerilja
med antikverte våpen

men den som blir råka av ei pil
begynner å leve

(Nomadesongar, Det Norske Samlaget, 1978)

Utdrag fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget, Oslo 2010, (s 170 - 173)

onsdag 19. januar 2011

Eg lengta så etter stranda mi ved havet

Åse - Marie Nesse fullfører tysk hovedfag vinteren 1962 -1963 i Oslo - og reiser heim til Jæren på juleferie.

Ein dag kledde ho seg som til polferd og sykla til stranda i sprengkulden:

"Eg lengta så etter stranda mi ved havet. Ein time var eg der nede, åleine under den veldige, blå himmelen, og lydde til havet. Feinstein fyr lyste kvitt der ute, og sanden gløda i vintersol, fast og hard av frost. Ei lang sandstrand, og ikkje eit menneske å sjå. (Kven går vel der vinters tid?) To store båtar gleid sakte forbi i synsranda og villender duva i bølgetoppane. Eg fann skjell, rare og runde, i mange fargar, og kjende meg reint som Askeladden då eg stakk dei i lomma. Der nede er mitt rike, forstår du. Der er eg, som ingen annan stad. I dei endelause liner og det vide rom finst ingen trivielle detaljer som kan uroa heilskapen. Små ting som steinar og skjell er berre bilete på fullkomen form og harmoni og gjer det store endå større. - Kor eg ynskjer eg kunne dikta om den kjensla av liv som fyller meg når eg er der ved havet. I dag kom ein einaste lita line til meg: Snø på mi strand. - Så skulle det fylgja eit "men - " Eg fekk berre ikkje sagt meir -. Dette "men" var alt i meg, var eg. Alt som ikkje var snø. Så er kan henda det vakraste diktet det ein stundom får leva, og ikkje det ein skriv. ( s. 132 - 133)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Samlaget Oslo 2010

Frigjerings-rørsle

Kom, la oss vere askeladdar i verden
og bryte opp frå sløvande peiskrok-vanar

finne nye omvegar og snarvegar
litt meir fantasi og vågemot

ikkje for å målbinde prinsesser
og ta halve riket frå dei

men for å utfri villførte prinsesser
bundne til roller i berget det grå

- kva hjelper det om rokken er av sølv
det gror mose på alle slags troll -

berre frie prinsesser kan utfri prinsar
som er fanga i falske utfriarroller:

                         *

Det finst prinsar som aldri kjem lenger
enn til sverdet bak døra
dei svingar og svingar til den store medalje

andre prøver å klive glasberget
dei mest iherdige knuser det i farten
prinsessa sit att med glasskår i fanget

somme har det med å rive ned hekkar
lure seg inn i svale rosehagar
og forstyrre sovande prinsesser

så suser dei av garde på kvite hestekrefter
med eit fast grep om henne, men ho
hadde tenkt seg ein heilt annan veg

                         *

kom og gå ut på dei nye vegane
med livsnær og nærande niste i sekken:

eit godord, ein visestubb, og den magiske nøkkel
til det indre og verkelege Soria Moria

den tar vi med og det tar vi med
alltid godt å vite kva ein treng

men ingen sverd til å halshogge troll med
trolla må sprekke når sola renn

den store frigjerings-ferden er eit eventyr
som aldri, aldri er ute

og er vi ikkje levande ennå
så kan vi bli det

Åse - Marie Nesse i Nomadesongar 1978, i boka Dikt i samling, Det Norske Samlaget Oslo 1999

tirsdag 18. januar 2011

Åse-Marie vart større enn både korpsmusikk, sekkeløp og iskrem

Det høyrer ofte med til lærarpliktene å halda 17. mai-tale. Åse-Marie Nesse heldt sin første 17. mai-tale som 19 - årig lærar på Jelsa - der var det rett nok ikkje så mange lærarar å velje mellom -. Åtte år etter er det ho som held TALE FOR DAGEN i Klepp, heimbygda si. Utan manus, denne gongen, ho var alt blitt ein røynd talar. Mellom alle dei som høyrde henne denne dagen, var ein liten skulegut. Då han vart vaksen, skulle dei to møtast att og samarbeida - om lyrikk og musikk. Han - Tor Livar Grude - fortel:

"Eg sto i finstasen, var snart 9 år, og kjende på nasjonaldagens mangfoldige stemningar. Så skjedde det: Ei ung kvinne vart introdusert som adjunkt. Ho skulle halda Tale for dagen. Aldri hadde eg høyrt slike omgrep. Aldri hadde eg heller sett denne kvinna tidlegare. Kunne ho verkeleg vera frå Klepp? Aldri hadde eg høyrt ei slik kvinnestemme, sett eit så spesielt lysande andlet eller høyrt slike ord. Minnet har sunge i meg i alle år. Åse-Marie tala om å sitja på Kleppevarden og sjå utover bygda. Eg skjøna, utan å skjøna, at det låg meiningar og bodskap bak. Åse-Marie vart større enn både korpsmusikk, sekkeløp og iskrem. For orda levde jo vidare, - inni meg!" (s. 126)

Utdrag fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabeth Vallevik Engelstad, Samlaget Oslo, 2010

Nausikaa

Men den djupaste tonen var ikkje tåkeluren
det var mitt eige rop over havet
under Sjustjernas blinde bilete:
Kven er du
du som mi sjel elskar
eg såg skuggen av ditt segl
ved morgongry
og ditt bortvende andlet
i solefallstimen.
Som eit framandt kjærteikn
kjennest nattevinden
over mi ventende panne.

Fra samlinga Av hav er du komen,
i boka Åse - Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999

lørdag 15. januar 2011

...er det sant at jeg og du og alle de andre må dø?

Skyggen

Og barnet satt i en blomstereng
og blåste løvetannfrø.
- Mor, er det sant at jeg og du
og alle de andre må dø?

- Ja, mitt barn, vi skal alle dø
en gang, svarte moren bløtt.
- Å, sa barnet, hadde jeg visst,
så ville jeg aldri blitt født!

Og det ble aften den første dag
bak barndommens blanke port.
En skygge vokste på Kunnskapens tre
og slangen listet seg bort.

Åse - Marie Nesse i samlingen, Lysår, J.W. Cappelens Forlag A/S 1985

fredag 14. januar 2011

...ingen ting går tapt.....

I 1987 da jeg tok avskjed med Modum Bad, min første arbeidsplass, siterte jeg Åse - Marie Nesse i dette diktet ~

~ ingen ting går tapt ~ vi bærer med oss det hele ~ det har blitt vårt eget, gjennom erfaring ~

Septemberlys

Og ingen ting blir borte -
alt strøymer imot deg her ved det opne hav
når lyset er ein spegel for ditt liv
ein sein septembertime

Sjå, bitar av din barndom
skin i fjøresteinane
som glaskuler frå søkkte garn
glitrande grøne
uknuselege
dine

tang, buntar av tang-band
drivande i våt sand
er det gamle knutar
konfliktar
løyste som havfrue-hår
løyste av straumar og vind
slik alt i vårt liv som var bunde
blir løyst med tida

steinane i ditt liv
steinar du snåva mot
steinar som fall frå ditt bryst
her finn du dei att
runde
slipte av havet
som er større enn din angst

driv-ved, restar av store tre
som gav deg ly for stormen
nå ligg dei her på stranda
sandblåste
med synlege årringar
sølvgrå lik skip
når dei stig fram av tåke -

ingen ting blir borte
alt kjem uendeleg tilbake
ved eit hav

røyster, fjerne røyster
nå er dei nære att
bølgene ber dei mot land
i lange djupe dønningar
berre skummet har ingen røyster
var aldri nært

men alt som ein gong var nært
kjem alltid tilbake
tid er ikkje tapt
tid du silte mellom fingrane som sand
er ikkje tapt

ingen ting går tapt
av det som glid gjennom opne hender
men det som hendene lukkar seg om
klamrar seg til
det går tapt
for alltid

i sanden finn du spor
av vunnen tid

og alt er nært som den næraste bølge
i lyset av låg sol
som bryt gjennom skyene
og snart, snart
gir sin mogne farge
til horisonten og til deg
og velsignar ditt liv
denne stund av klårleik

Åse - Marie Nesse (Nomadesongar 1978) i samlinga Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999.
Og denne samlinga fikk jeg av Reidun, kollega fra tida i Finnøy kommune - en varig gave..

Forøvrig fører diktene av Åse - Marie Nesse meg ofte i tanken til vår gode venninne Aud Hegre, som elsket bøker og delte så raust av både bøker og stunder, i Modumtiden ~ men som ikke lever iblant oss lenger.
Jeg sier "vår gode venninne", for vi var mange som var glad i henne og som bærer med oss disse rike stundene i minnet, stundene som åpnet sinn og sanser, langt utover og innover ~ tilliten til livet ~

søndag 9. januar 2011

...visst er vi ikkje yre vårbarn meir.....

Mogningsberget

Det finst eit berg -
det heiter Midtens fjell og Mogningsberget
det finst på alle kart som ikkje lyg
og stundom er det høgt som Himalaya
og stundom er det lågt som Himmelbjerget
vi avgjer høgda over havet sjølve,
vi kliv og kliv i dette bratte henget
og vi er mange her på Midtens fjell
vi deler nistemat og sterke songar
om stup og Glitretind og vide sletter
om trøytte hjartemusklar og om sår
men sjå, vi går og går og vi skal lenger
visst er vi ikkje yre vårbarn meir
og ikkje har vi morgondogg i håret
men vi har akkurat den rette alder
som stemmer med det år vi kom til verden
og difor går vi her på Mogningsberget
vel over midtvegs i vårt vandringsliv
der utsyn opnar seg mot nye blånar
der foten veit å skilje hardt og mjukt
der øyra fangar finare frekvensar
enn før, da alt var kakafonisk fryd
og pinefulle skurrelydar
nå høyrer vi vårt eige hjarteslag
vi høyrer også andres, ganske nære
og dei som bankar saktare især
dei skrøpelege kjære som går frå oss
på den tid vi når fram til Mogningsberget
der sorga lærer oss sitt rette namn
og let oss att aleine her på grunnfjell
- aleine? vi er mange, vi går saman
så smiler vi og saman trør vi dansen
ein Zorba-dans som veit om tap og vinning
for dette er mitt liv og ingen annans
som du har ditt og eg har vørnad for det
så har vi vørnad for kvarandres liv
idag, i morgon, alle dagar, venner ...

Åse-Marie Nesse i samlinga Levande tid, Dreyer Forlag A/S 1989.
Denne diktsamlinga fekk eg av Tone og Peder i 2002, og den er verdifull for meg.

Kjærleik er ei kviskring, seier havet...

I diktsamlinga av meksikanske dikt, Maisguden lyser i natta, Det Norske Samlaget, Oslo 1971, har Åse- Marie Nesse gitt oss en mengde gjendiktninger. Bak på samlinga kan vi lese:

Å oppleve ein morgon i Mexico er å sjå verda nyskapt, forlokkande blank og eindimensjonal, det første autoriserte rå-utkast, ein guds pustepause midt i første akt av det kosmiske drama som kulminerer i natta, om og om igjen, evig nyskaping, evig undergang. Og maisen er menneskets morgongåve, den første velsigning, pantet på levevilkår, elementært ritual og konkret poesi! For også maisen er gud.

Ei reise i Mexico er eit møte med gudar, menneske og song.

Åse-Marie Nesse kjem frå ei slik reise med denne boka, ei samling gjendiktningar av meksikansk lyrikk ~ ei reise gjennom rom og tid i gudars rike.

Kr 25,- står det inngravert nederst på bokas bakside.

Definisjon

Kjærleik, seier rosa, er en ange.
Kjærleik er ei kviskring, seier havet.
Kjærleik er eit sukk, seier vinden.
Kjærleik, seier lyset, er ein loge.
Å, alle desse løgner!
Kjærleik... er ei tåre!

Josefa Murillo (1860 - 1898) i gjendiktning av Åse- Marie Nesse i diktsamlinga, Maisguden lyser i natta, Det Norske Samlaget, Oslo 1971

lørdag 8. januar 2011

...diktet er det glade vanvit....

Åse-Marie Nesse ~ om poesi;

Diktet er toppen av eit livsfjell.
Så vidt synleg i tåke, nesten usynleg
i altfor sterk sol.
Diktet er det glade vanvit som vågar
å tale vonløysa midt imot og danse
i utakt med tida.
Diktet er det daglege brød for den eine,
og dyrebar vin for den andre.
Diktet er ein leik på ramme alvor,
eit andpustent pusterom i sentrum av
ein mekanisk orkan.
Diktet er ei høylydt kviskring i dagslys
og demring, ei lita forstyrring i døgnrytme
og rutine.
Diktet er eit landskap og ein veg, ein
draum om det som var og eit minne om
det som kan bli.

Åse-Marie Nesse har skrevet dette, og jeg må få komme tilbake til kildehenvisningen.
Men jeg ~ jeg ble truffet av disse ordene 3. juni 1986, og skrev dem ned i boka mi ~ mens jeg ennå bodde på Island, det året. Jeg fant det nok i ei diktsamling i biblioteket på Nordens Hus i Reykjavik ~ for der likte jeg meg i mellomrommene.

...spionar vil finne alle dører opne...

Sekt

Vi er ei hemmeleg sekt utover jorda
når vi møtest kjenner vi einannan
vi går ikkje med nellik i knappholet
inga uniform og ingen blanke merke

Vi berre teiknar med fingeren i sanden
ein mellomting av flygefisk og stjerne
det er såre enkelt og slår aldri feil
berre uinnvigde trur det er ein snigel

Vår tale er verken ja ja eller nei nei
men berre kanskje og kanskje ikkje
våre hender har modige meiningar
blir vi misforstått begynner vi å danse

Vi driv med usystematisk avlytting
mikrofonar og ekkolodd i mange sinn
arkiva er gøymde i overjordiske kvelv
spionar vil finne alle dører opne

Åse-Marie Nesse i samlinga Nomadesongar (1978)  i boka Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999

fredag 7. januar 2011

...du skal leve dine svar...

Dei gamle kvinnene

Sterkare enn alle
er dei gamle kvinnene
dei kan bere sju vaksne søner
på strakt hjarta
løfte opp ein fallen sjømann
med krokete fingrar
falda i bøn

og utan å klage
kan dei vake under vekta av
ein gjennomsnitts småby
med blytunge sorger
som søv

Sterkare enn alt i verden
er dei gamle kvinnene
dei lever av luft og einsemd
riv av kalenderen med stor ro
og greier nesten
å overvinne døden


Til ei ung jente

Det fins vonbrot så djupe som havet
vesle søster, ikkje gråt
ikkje tru at alt vil skje
ein vakker dag

ting kan skje ein vanleg deg
om du vågar å styre vinden sjølv
du må vite kva du vil
du må vite
vite meir

vesle søster, ikkje spør
kva alle andre ventar av deg
du skal leve dine svar
du skal leve
leve sjølv

det finst vegar så vide som verden
vesle søster, ikkje vent
gå i gang

Begge diktene av Åse - Marie Nesse i samlinga Nomadesongar (1978) i boka
Dikt i samling , Det Norske Samlaget, Oslo 1999.

Å gjengi diktene til Åse - Marie Nesse, gir meg en følelse av å ause fra en næringsrik kilde ~
Selv erfarer jeg å tilfredstille tørsten, gjennom ordene hun har funnet og gitt videre til oss ~ så fylte av livstru med anerkjennelse av livsmotet ~ og invitasjon til å delta sammen med henne langs veien ~

tirsdag 4. januar 2011

...visst gjer det vondt å møte livet utan panser...

Når jeg leser ordene, over, tenker jeg på forfatteren Karin Boye...
Så heter dette diktet av Åse-Marie Nesse nettopp Karin Boye.

Diktet er hentet fra samlinga, Til ord skal du bli, fra 1973, og er et av svært mange dikt, tilegnet forfattere og kunstnere, både klassiske og nyere.

Karin Boye

Visst gjer det vondt
å møte livet utan panser
og utan våpen. Lufta skjelv
av usynlege spyd.
Som Siegfried var du usårleg
i alt så nær som
eit einaste punkt:
ditt hjarta. Der
fekk du banesår. Bøygd
lik eit dådyr i dødskamp
gjekk du i motvind
song
og forsvann.

Åse-Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget 1999.

Bak på denne diktsamlinga er Åse-Marie Nesse presentert på følgende måte:

Åse-Marie Nesse (f. 1934) er førsteamanuensis i tysk litteratur og ein av våre mest folkekjære diktarar. Denne boka inneheld dikta frå dei ti diktsamlingane Åse-Marie Nesse har gitt ut, og byr på ei flott gjenoppleving av ein eineståande forfatterskap og av dikt som har gleda svært mange lesarar gjennom mange år.

Med stor formidlingsevne og eit formsikkert poetisk språk kombinerer Åse-Marie Nesse klassisk europeisk danning og kunnskap om vestleg mytologi med interesse for framande kulturar og religionar, framfor alt latinamerikanske. Ho står også for ei lang rekke av gjendiktningar, og er ein sentral formidlar av europeisk litteratur. Åse-Marie Nesse har fått ei rad prisar for bøkene sine, mellom andre Ønskediktprisen i 1981 og Dobloug-prisen i 1999.

Fra presentasjonen av forfatteren bakpå boka, Åse-Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget 1999.

Åse-Marie Nesse døde i 2001. Hun gav i alt ut 12 diktsamlinger, som jeg vil komme tilbake til, samt ei mengde gjendiktninger.

mandag 3. januar 2011

Nå er livet gjemt hos Gud.....

I november i 1992 blir Svein Ellingsen tildelt Fritt Ords honnørpris for nyskapende virke innen kirkelig kunst. Han får prisen sammen med Erik Hillestad og og Egil Hovland. I takketalen formulerer Svein det han ser på som som de tre viktige utfordringene for salmediktningen. Den første utfordringen er å finne et salmespråk som gir uttrykk for menneskenes livsfølelse. Den andre er å finne et salmeinnhold som gir uttrykk for det som på svensk heter "livsfrågorna", de eksistensielle spørsmål som knytter seg til liv og død, håp og frykt, ensomhet og fellesskap, lidelse og medmenneskelighet, angst og trygghet, tomhetsfølelse og livsbejaelse og sorg og glede.
Den tredje utfordringen er å finne en form der språk og innhold fører livsfølelsen og livsproblemene inn i det liturgiske rom. s. 299

Fra boka til Eyvind Skeie, Svein Ellingsen, En livsfortelling, Verbum 2009.

Jeg er i ferd med å ta avskjed med Svein Ellingsen sine tekster, og fortellingen vi har fått del i gjennom boka til Eyvind Skeie. Året 2010 var også det året jeg mistet far min, og barndomsheimen ble tom. Med ham gikk også alt det bort som var hans erfaring og livshistorie. Det er så mye som går tapt når vi mister våre nære. Dag, mannen min, mista sin mor dette året, og i deres slekt betydde det en barndomsheim som stilnet av.

Vi gir slipp ~ ingenting annet duger ~ men i dette å gi slipp, reiser spørsmålet seg; gi slipp til hva?

Jeg vil la Svein Ellingsen få siste ordet i denne sekvensen, med salmen

Nå er livet gjemt hos Gud

Nå er livet gjemt hos Gud.
Vi overgir alt til ham.
Håpet er tent i tyngste sorg.
       Ingen er glemt av Gud.

Vi får hvile i Guds fred
og sove i jordens fang.
Kristus har gjort vår grav til sin.
        Alltid er vi hos Gud.

Gud, vår Far, tar vare på
det liv som er revet bort.
Kristus har gjort istand et rom.
        Før oss gikk Han til Gud.

Dagen kommer, Kristi dag,
da tiden blir visket bort.
Kristus står frem og alt blir nytt.
        Døden blir knust av Gud.

Nå er livet gjemt hos Gud.
Vi overgir alt til Ham.
Håpet er tent i liv og død.
        Ingen er glemt av Gud.

Svein Ellingsen i samlingen, Det skjulte nærvær, 1985, Aschehoug.
Salmen står også i Salmer 1997, nr 262.

Fra nå av vil jeg gå inn i tekstene til Åse-Marie Nesse, og hennes forfatterskap ~ jeg gleder meg.