Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

søndag 9. januar 2011

...visst er vi ikkje yre vårbarn meir.....

Mogningsberget

Det finst eit berg -
det heiter Midtens fjell og Mogningsberget
det finst på alle kart som ikkje lyg
og stundom er det høgt som Himalaya
og stundom er det lågt som Himmelbjerget
vi avgjer høgda over havet sjølve,
vi kliv og kliv i dette bratte henget
og vi er mange her på Midtens fjell
vi deler nistemat og sterke songar
om stup og Glitretind og vide sletter
om trøytte hjartemusklar og om sår
men sjå, vi går og går og vi skal lenger
visst er vi ikkje yre vårbarn meir
og ikkje har vi morgondogg i håret
men vi har akkurat den rette alder
som stemmer med det år vi kom til verden
og difor går vi her på Mogningsberget
vel over midtvegs i vårt vandringsliv
der utsyn opnar seg mot nye blånar
der foten veit å skilje hardt og mjukt
der øyra fangar finare frekvensar
enn før, da alt var kakafonisk fryd
og pinefulle skurrelydar
nå høyrer vi vårt eige hjarteslag
vi høyrer også andres, ganske nære
og dei som bankar saktare især
dei skrøpelege kjære som går frå oss
på den tid vi når fram til Mogningsberget
der sorga lærer oss sitt rette namn
og let oss att aleine her på grunnfjell
- aleine? vi er mange, vi går saman
så smiler vi og saman trør vi dansen
ein Zorba-dans som veit om tap og vinning
for dette er mitt liv og ingen annans
som du har ditt og eg har vørnad for det
så har vi vørnad for kvarandres liv
idag, i morgon, alle dagar, venner ...

Åse-Marie Nesse i samlinga Levande tid, Dreyer Forlag A/S 1989.
Denne diktsamlinga fekk eg av Tone og Peder i 2002, og den er verdifull for meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar