Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

tirsdag 18. januar 2011

Åse-Marie vart større enn både korpsmusikk, sekkeløp og iskrem

Det høyrer ofte med til lærarpliktene å halda 17. mai-tale. Åse-Marie Nesse heldt sin første 17. mai-tale som 19 - årig lærar på Jelsa - der var det rett nok ikkje så mange lærarar å velje mellom -. Åtte år etter er det ho som held TALE FOR DAGEN i Klepp, heimbygda si. Utan manus, denne gongen, ho var alt blitt ein røynd talar. Mellom alle dei som høyrde henne denne dagen, var ein liten skulegut. Då han vart vaksen, skulle dei to møtast att og samarbeida - om lyrikk og musikk. Han - Tor Livar Grude - fortel:

"Eg sto i finstasen, var snart 9 år, og kjende på nasjonaldagens mangfoldige stemningar. Så skjedde det: Ei ung kvinne vart introdusert som adjunkt. Ho skulle halda Tale for dagen. Aldri hadde eg høyrt slike omgrep. Aldri hadde eg heller sett denne kvinna tidlegare. Kunne ho verkeleg vera frå Klepp? Aldri hadde eg høyrt ei slik kvinnestemme, sett eit så spesielt lysande andlet eller høyrt slike ord. Minnet har sunge i meg i alle år. Åse-Marie tala om å sitja på Kleppevarden og sjå utover bygda. Eg skjøna, utan å skjøna, at det låg meiningar og bodskap bak. Åse-Marie vart større enn både korpsmusikk, sekkeløp og iskrem. For orda levde jo vidare, - inni meg!" (s. 126)

Utdrag fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabeth Vallevik Engelstad, Samlaget Oslo, 2010

Nausikaa

Men den djupaste tonen var ikkje tåkeluren
det var mitt eige rop over havet
under Sjustjernas blinde bilete:
Kven er du
du som mi sjel elskar
eg såg skuggen av ditt segl
ved morgongry
og ditt bortvende andlet
i solefallstimen.
Som eit framandt kjærteikn
kjennest nattevinden
over mi ventende panne.

Fra samlinga Av hav er du komen,
i boka Åse - Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar