Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

onsdag 19. januar 2011

Eg lengta så etter stranda mi ved havet

Åse - Marie Nesse fullfører tysk hovedfag vinteren 1962 -1963 i Oslo - og reiser heim til Jæren på juleferie.

Ein dag kledde ho seg som til polferd og sykla til stranda i sprengkulden:

"Eg lengta så etter stranda mi ved havet. Ein time var eg der nede, åleine under den veldige, blå himmelen, og lydde til havet. Feinstein fyr lyste kvitt der ute, og sanden gløda i vintersol, fast og hard av frost. Ei lang sandstrand, og ikkje eit menneske å sjå. (Kven går vel der vinters tid?) To store båtar gleid sakte forbi i synsranda og villender duva i bølgetoppane. Eg fann skjell, rare og runde, i mange fargar, og kjende meg reint som Askeladden då eg stakk dei i lomma. Der nede er mitt rike, forstår du. Der er eg, som ingen annan stad. I dei endelause liner og det vide rom finst ingen trivielle detaljer som kan uroa heilskapen. Små ting som steinar og skjell er berre bilete på fullkomen form og harmoni og gjer det store endå større. - Kor eg ynskjer eg kunne dikta om den kjensla av liv som fyller meg når eg er der ved havet. I dag kom ein einaste lita line til meg: Snø på mi strand. - Så skulle det fylgja eit "men - " Eg fekk berre ikkje sagt meir -. Dette "men" var alt i meg, var eg. Alt som ikkje var snø. Så er kan henda det vakraste diktet det ein stundom får leva, og ikkje det ein skriv. ( s. 132 - 133)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Samlaget Oslo 2010

Frigjerings-rørsle

Kom, la oss vere askeladdar i verden
og bryte opp frå sløvande peiskrok-vanar

finne nye omvegar og snarvegar
litt meir fantasi og vågemot

ikkje for å målbinde prinsesser
og ta halve riket frå dei

men for å utfri villførte prinsesser
bundne til roller i berget det grå

- kva hjelper det om rokken er av sølv
det gror mose på alle slags troll -

berre frie prinsesser kan utfri prinsar
som er fanga i falske utfriarroller:

                         *

Det finst prinsar som aldri kjem lenger
enn til sverdet bak døra
dei svingar og svingar til den store medalje

andre prøver å klive glasberget
dei mest iherdige knuser det i farten
prinsessa sit att med glasskår i fanget

somme har det med å rive ned hekkar
lure seg inn i svale rosehagar
og forstyrre sovande prinsesser

så suser dei av garde på kvite hestekrefter
med eit fast grep om henne, men ho
hadde tenkt seg ein heilt annan veg

                         *

kom og gå ut på dei nye vegane
med livsnær og nærande niste i sekken:

eit godord, ein visestubb, og den magiske nøkkel
til det indre og verkelege Soria Moria

den tar vi med og det tar vi med
alltid godt å vite kva ein treng

men ingen sverd til å halshogge troll med
trolla må sprekke når sola renn

den store frigjerings-ferden er eit eventyr
som aldri, aldri er ute

og er vi ikkje levande ennå
så kan vi bli det

Åse - Marie Nesse i Nomadesongar 1978, i boka Dikt i samling, Det Norske Samlaget Oslo 1999

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar