Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

tirsdag 22. februar 2011

men du heldt fram med å synge

I 1985 ble det arrangert et kulturforum i Budapest.

Åse-Marie Nesse  - på dette tidspunkt representant for forfattarane i Norsk kulturråd og styremedlem i Norsk P.E.N. - var ein av deltakarane i den norske delegasjonen, som var leia av tidlegare Moskva-ambassadør Dagfinn Stenseth og ekspedisjonssjef Knut Sverre frå kulturavdelinga i UD.
------
I det litterære forumet hadde landa i vest gjort spørsmålet om fengsla forfattarar i Sovjetunionen til eit hovudtema, og fem forfattarar vart nemde ved namn. Federenko, sekretæren for den russiske forfattarforeininga, hadde påstått at desse fem ikkje hadde noko med litteratur å gjera. Russarane heldt fram at dei var simple forbrytarar og heilt ukjende som forfattarar. Åse-Marie Nesse kunne då visa til at ho hadde "ei vakker og orginal diktsamling av ei av dei nemde forfattarane, Irina Ratusjinskaja, liggjande heime på skrivebordet". Og ho fortalde det ho visste om denne lyrikaren og forfattarskapen hennar, og at ho var i ferd med å sona ein dom på sju år og fem års indre eksil.

"Dette kom tydlegvis uventa på Sovjet-delegasjonen. Og eg trur det gjorde inntrykk."
(s. 338 - 339)

Kven er så Irina Ratusjinskaja? Det korte svaret er: Ung kvinne, dissident, menneskerettsforkjempar og forfattar i Sovietunionen.
(s. 341)

Men du syng

Og dei henta deg seint i september
Og dei reiv opp ditt liv med røter
Og dei murte sommaren inne
Men du heldt fram med å synge

Og dei røva din blømande ungdom
Og dei raka ditt houved og hånlo
Og dei kledde deg i sekk og aske
Men du heldt fram med å synge

Og dei låste di dør med sju segl
Og dei slo av himmelens sol-omn
Og dei sløkte måne og stjerner
men du heldt fram med å synge

Og dei saga opp dagen i bitar
Og dei gav deg mørket å ete
Og dei gav deg mismod å drikke
men du heldt fram med å synge

Fra samlinga Men du syng, Irina, av Åse-Marie Nesse, Det Norske Samlaget, 1986

Vel tre månader før Irina Ratusjinskaja blir sett fri, leverer Åse-Marie Nesse manus til si sjuande diktsamling til Det Norske Samlaget - Til Irina. Det positive svaret kjem etter fem dagar. Tittelen blir Men du syng, Irina. I oktober kjem boka ut - akkurat i tide til å få prenta på omslaget: 10. oktober 1986, dagen før toppmøtet i Reykjavik, kom meldinga om at Irina Ratusjinskaja er sett fri.
------
Om Vinterhuset og Lysår kjem frå eit syrgjande hjarta, spring Men du syng, Irina ut av eit brennande hjarta. Det er personlege dikt, men på ein annan måte enn i dei to førre bøkene. Der skapte ho si eiga, subjektive sorg i ein eksistensiell situasjon om til song, attkjenneleg for andre. I den nye boka er dikta forankra i eit verdisyn like mykje  som i kjensler og borne oppe av eit engasjement. Det er eit engasjert og bankande hjarte som syng for, og til, ei ung diktarsyster.
(s. 346)
---
Og i kampen for Irina og i dikta til henne ligg det implisitt ei sterk tru på, og eit forsvar for, ordet - det frie ordet. (s. 346)

Fra boka  Åse-Marie Nesse - Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar