Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

fredag 25. februar 2011

Eit hjarta lyder nok andre lovar. Det blir større og sterkare av å bli brukt.

Eit kjernepunkt i Åse-Marie Nesses forståing av det å vera menneske og av kvinne - mann- relasjonen er trua på det eigne valet. Kvinna og mannen må vera likestilte både i liv og i kjærleik - begge må velja i fridom. For å lukkast i eit liv saman må dei begge forandra seg.
------
Og kvinna, ho må leva ut vandraren i seg, våga å ta styringa over eige liv. Nesse ser Haugtussa som døme på den nye kvinna. Hennar litterære førebilete - det er korkje den hemnande Medea eller den passive og lagnadslause Solveig. Det er Haugtussa sjølv som riv seg laus frå mørkemaktene, ved kvinnestyrke. Åse-Marie Nesse ser Garborgs verk som eit klassisk verk om mennesket og maktene, som peikar eit hundreår framover i tid: "Mennesket, vandraren, er ei kvinne. Eit veldig kosmisk drama utspelar seg i sjela til ei pur ung jente. Ho er ikkje lenger berre eit statisk og ekstremt symbol i periferien av mannens sentralnervesystem. Det er Garborgs forteneste at han har sprengt dette tradisjonelle mønster i verdenslitteraturen."

Det er desse tankane Åse-Marie Nesse gjev dramatisk og lyrisk form i dei to skodespela Narren og Sorga (1984) og Johannes-pasjonar (1987).

I det lyriske fabeldramaet Narren og Sorga er Kvinna og Mannen på vandring med kvar sin fylgjesvein. Kvinna har Sorga, mannen har Narren. Vil dei to nokon gong kunna møtast?
(s.323 - 324)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget 2010.

Kvinna
Langt har eg vandra og lenger enn langt. Skal eg aldri få kvile?

Sorga
Vegen er lang. Du har ennå eit stykke å gå. Men set deg ei stund, eg ser du er trøytt. Set deg på ein stein. Eg kan vente.

Kvinna
Om eg kviler min fot, er eg like trøytt. Her inne - . I hjarta, i det som er att av mitt hjarta. Det er utslite, oppbrukt. Eg orkar snart ikkje meir.

Sorga
Eit hjarta lyder nok andre lovar. Det blir større og sterkare av å bli brukt. Det er det ubrukte hjarta som øydar liv, det hjarta som aldri våga og aldri ville. Som aldri levde.

Kvinna
Å, eg ville så mykje! Og hjarta våga det meste. Men nå eig eg ikkje krefter, som du ser.

Sorga
Det EG talar om, er den stille usynlege kraft som er med og held livet oppe. Du har ikkje lov å gi opp.

Slik starter dialogen i fabelen, mellom Kvinna og Sorga, og det er en dialog å tygge på - den vokser ...
Og jeg glemmer ikke så lett da jeg fikk oppleve det framført i Norheimsund i tre-dagers-bryllupet mai 1986.

Fra fabelen, Narren og Sorga, av Åse-Marie Nesse, J.W.Cappelens Forlag A/S 1984

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar