Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

søndag 6. februar 2011

....folket i landsbyen har ein nedervd kunnskap om naturen...

Åse-Marie Nesse reiser til Mexico i januar 1977, for tredje gang i løpet av to år.

Og denne gongen skulle det ikkje vera nokon kort visitt. Ho har permisjon frå universitetet heile vårsemesteret og har leigd ut husværet sitt i Oslo til den 1. september. Ho skal skriva.
(s. 274)

    "Og månen ser annleis ut på desse breiddegrader, han veks frå botnen og oppover, ikkje sidelengs som i nordlege himmelstrøk. Først når du har sett dette, forstår du symbolikken i meksikanske dikt: El barco de la luna, måneskipet. For nymånen sigler sin båt over botnlause kvelv, eit evig, eldgammalt romskip, som aldri kjem ut av kurs."
    Ho opplever at folket i landsbyen har ein nedervd kunnskap om naturen, dei har ein sikker og instinktiv sans for gode og rette ting. Sjølv kjenner ho seg som del av ein kultur der urspråket har gått tapt, ei form for degenerasjon, ein kultur som har fjerna seg fatalt frå det enkle og sjølvsagde og vendt seg mot døde ting, ein syntetisk kvasirøyndom.
(s. 276)

Fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Samlaget, Oslo 2010.

Morgon i ein pueblo

Ho står opp før sola -
flettar sitt hår
og går til si morgonmesse:

tenner opp eld på åren
 - inngangsbøn utan ord

knuser maisen med morter
på ein metate av lavastein
 - hundreårs heilage rytme

klappar deigen til flate små soler
 - henders eldgamle lovsong

bakar tortillas med duft av det lova landet
 - oblatar for truande munnar

deler dei ut til barna og mannen
alvorleg
stillferdig
 - maisgudens mjuke prestinne

metate = låg krakk til å knuse mais på
tortillas = flate maislomper

Åse-Marie Nesse, Solstein 1976, i samlinga Åse-Marie Nesse, Dikt i samling, Det Norske Samlaget, Oslo 1999.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar