Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

onsdag 24. november 2010

...eit objekt utsett for tvang......

Frå våren 1934 og i tre og eit halvt år framover eksisterer ikkje Olav H. Hauge lenger som kjelde for sitt eige livs historie. Han er ikkje eit fritt subjekt, men eit objekt utsett for tvang, Vi er overlatne til å sjå han utanfrå, med andres ord. For ettertida blir han språklaus desse åra. Det skjer ei vending i livet hans som kjem til å prega resten av det. (s. 85)

Det var ved Valen asyl i Sunnhordaland at Olav H. Hauge ble innlagt. Han oppdaga onkelen Edmund som en av de innlagte der, uten at Edmund gjenkjente ham. For Olav H. Hauge var Edmund en av de personene som han opplevde å kunne prate med og som også hadde åpnet noen veier for ham inn i en verden av engelske bøker da han var helt ung. Edmund ble nemlig innlagt ved samme asyl, og han kom ikke ut igjen. Den samme historia fortelles om de fleste som ble innlagt ved asyl i mellomkrigstiden. De endte dagene sine der...

Noko tyder på at dei to har møtt kvarandre på Valen dette siste året. Olav skal brått ha fått auga på han der. Men Edmund kjenner han ikkje igjen, han gjev ingen som helst teikn til å vita kven han er. Dette gjer eit djupt inntrykk på Olav. Han har ikkje eigentlig skjøna kva institusjon Valen er før han oppdagar at viktigaste vaksne mannen i livet hans er sinnsjuk og djupt, djupt deprimert. No skjønar han at dei er i same situasjon, men at det nettopp på grunn av dette ikkje lenger kan finnast noko band mellom dei. Kan han oppleva noko verre i livet? (s. 92)

Utover våren og sommaren 1937 blir den psykiske tilstanden hans steg for steg betre. Olav H. Hauge blir flytta frå den urolege vaktsalen til avdeling B og kan liggja heilt utan reimer. Snart byrjar han med utearbeid. (s.92)

Etter  tre og eit halvt år utan innføring i dagboka, tek Olav H. Hauge til å skriva igjen den 20. oktober 1937. Igjen er det mogleg å sjå hans livs historie gjennom hans eigne auge. (s. 93)

I mellomtiden ble han utskrevet  fra Valen, som nå het Valen sykehus. Det skjedde i september 1937.

Alle sitat er fra boka Mitt liv var draum, Ein biografi om Olav H Hauge, av Knut Olav Åmås, (2004)


Kor lenge har du sove?

Dette vågar du,
slå augo upp
og sjå deg ikring?
Jau, du er her,
her i denne verdi,
du drøymer ikkje,
ho er slik du
ser henne, tingi her
er slik.
Slik?
Ja, nett slik,
ikkje onnorleis.
Kor lenge har du sove?

Olav H. Hauge i samlinga Janglestrå (1980)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar