Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

tirsdag 25. september 2012

Barbro Raen Thomassen refererer Paal-Helge Haugen om frø

"Dei urtekyndige i antikken og middelalderen meinte at frøet var eit biletmessig konsentrat av det som skulle falde seg ut i den veksande planten. Samstundes var frøet eit mysterium, slik det er uttrykt i likninga om sennepsfrøet: Det minste av alle frø, som vart til eit tre der himmelens fuglar kom og bygde reir. Også vi kan oppleve frøet som eit paradoks - det er ein kviletilstand, eit statisk mellompunkt mellom to dynamiske prosessar, mellom forfall og vokster. Det er trekt ut av tida, fordi frøets ubestemte nåtid er realisert som den fysiske sameininga av fortid og framtid. Det finst frø som kan kvile i hundreår, i tusenår, i ørken, i gravkammer, i mumiekister, før dei blir henta ut og spirer. Frøet er rein latens, ein lada tilstand. Uforanderleg i seg sjølv ber det bod om forandring. Og hogge i stein blir det eit bilete av eit bilete, eit objekt som plasserar seg i eit svevande grenseområde mellom teiknsystem og biologi. (...) Frø og teikn, semen og semeion, inngår begge i ein disseminasjon, ei utsåing der meining aldri kan innhaustas som noko anna enn ei potensiell meining, lik frøkornet som korkje er liv eller død, men ein gjenstand eller ein tilstand som opphever motsetningane og transformerer dei til mulighet og håp."

Paal - Helge Haugen har vært min samarbeidspartner ved flere anledninger. Jeg vet ingen som kan utrykke seg poetisk vakrere om frøets håpsdimensjon og muligheter enn nettopp han. Hans økonomisk knappe og eksakte språk åpner for usedvanlig meningsfylde. Hør her:

eit under på veg

gjennom frøkapselens rustning
enda ein gong
----
lette venger
mjukt svev
still kvile
----
nedfallet
oppståda
----
ein årtusenlang pust
----
kvile
kalle
kome


Boka Som liljene på marken, OM Å LEVE ENKLERE,  av Barbro Raen Thomassen,
Avenir forlag 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar