Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

torsdag 11. november 2010

...det er trygt under den vide kruna...

Eg stoggar under den gamle eiki ein regnvérsdag

Det er ikkje berre regnet
som gjer at eg stoggar
under den gamle eiki
attmed vegen. Det er
trygt under den vide
kruna, det må vera
gamalt frendskap som gjer
at eiki og eg kan stå der
og tegja, lyda til regnet
tipla i lauvet, skoda ut
i den gråe dagen,
venta, forstå.
Verdi er gamal, tenkjer me,
og me eldest båe.
I dag stend eg ikkje turt,
lauvet har teke til å detta,
det luktar syrleg i den
råe lufti, eg kjenner
dropane gjenom håret.

Olav H Hauge i samlinga Mange års røynsle med pil og boge,
Det Norske Samlaget, Oslo 1988

Diktet ikveld er til deg, Else, mi svigerinne, som våger så mye ~ og bryr deg om, ute i all slags vær  ; )
Gratulerer ~ og god klem fra meg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar