Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

fredag 6. mai 2011

Karin Boye funnen død
Mai 1941

Var det da ikkje ei einaste hand
som rette seg ut etter di
den gang da grunnen under din fot
for alvor tok til å gli - ?
No står vi her tomhendte alle ihop
og ser mot ei attlåst dør.
Vi skulle ha bydd deg all varme vi eig.
Vi skulle ha gjort det litt før.

Den einsame gjekk frå si einsemd til slutt.
Den frosne har frose i hel.
Var der da ikkje på jorda ein
som kunne ha stått di sjel
så nær at han vàrde deg med sin eld
mot kulden? - Din død gir svar.
Du sto nok og såg deg ikring før du gjekk,
men eld vart du ingen stad vàr.

Så mange blir drivne i døden no
som berre mot livet trår.
Men du var ein døds-friviljug.
Du bøygde deg, trøytt og sår,
mot døden og bad at du måtte bli løyst,
og no har han gjort som du bad.
Eit "takk" var vel siste òm av di røyst
da varsamt han bar deg av stad.

Vi veit det: vi skal ikkje sørgje
for di skuld. Du sjølv har vàlt.
Det er berre det: no når du er sløkt
sansar òg vi kor kaldt
det kjennest ikring oss. Det var just deg
vi ville hatt med oss i kveld,
og frysande, einsame søker vi inn
mot det du har skapt av eld.

Halldis Moren Vesaas  i diktsamlinga Treet (1947) i
Dikt i samling, Halldis Moren Vesaas, Aschehoug Lyrikk 2008

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar