Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

fredag 21. januar 2011

Kjærleiken driv ustrategisk krigføring

Åse-Marie Nesse løfter fram kvinnene Anne Hathaway som var kona til William Shakespeare og den gifte Charlotte von Stein som var Goethe si nære sjelevenninne og inspirator gjennom mange år.

Begge reiste dei på ein måte frå desse kvinnene - Shakespeare til det frie diktarlivet i London, Goethe til Italia i all hast.
------
Diktarane gjorde som dei ville, som dei måtte. Men det gjekk ut over dei næraste, og som kvinne kan ho sjå livet fra deira ståstad. Samstundes kan ho setja seg inn i diktarens fridomstrong - . Ho óg har hug til å vera fri, råda over eige liv, dikta... Kva kan bli hennar plass i ein manns liv? Og mannen i hennar? Midt på sekstitalet er kjønnsrollene i det store og heile framleis klårt definerte.
          I august 1966 vitjar ho Jakob Thingnes på hytta hans "Segl Inn" i Vevring i Sunnfjord. Dei to var samde om å halda kontakten, i alle fall så lenge det ikkje var andre. "Men bakom er ei bru som ennå bind - ." Det var fine sumardagar ved fjorden - seglturar med Nausikaa, blåskjel og bål i fjøresteinane, dikt og musikk. Ho legg att eit dikt, med "takk for gode dagar ved Nausikaas strand -." - "Vi hadde det fint i lag," seier Jakob Thingnes. Serleg dei litterære interessene batt oss saman. Og breva. Dei korte møta vart meir som ein fest. Men vi hadde ingen kvardagar saman - vi levde på ein måte i kvar vår verd."
          Motivkrinsen i Odysseen - urforteljinga om den store reisa i vestleg sivilisasjon - opptek henne på denne tida. Diktet ho legg att på Segl Inn, er "Kalypso syng", det som opnar med Dine hender er brune Odyssevs. Diktet er ein del av "Odyssé", ei form for vekselsong mellom fire av hovudpersonane i Odysseen - Odyssevs, Penelope, Kalypso og Nausikaa. Ei kvinne kan nok kjenna seg att i alle dei tre kvinnene. Men det er Odyssevs som er helten. Det er han som får ting til å henda. Det er han som er den aktive, det handlande subjektet. "Eg er Odyssevs," seier ho til Jakob Thingnes. Kan henda vil ho sjølv vera kaptein på eiga skute. Kan henda  kjenner ho seg etter kvart vel så mykje i slekt med han, den aktive, som med dei kvinnelege stereotypiane - den ventande, den sanselege, den uskuldsreine. Kan henda kjenner ho at det kan vera ein viss motsetnad i dette - på den eine sida trongen til eit fritt og skapande liv, og på den andre impulsen til å gå inn i den trygge og tradisjonelle kvinnerolla, kvinnekvardagen.

-------

Gerilja

Kjærleiken
driv ustrategisk krigføring

rekrutterer i aust og vest
vil erobre den sjuande himmel
bygger usynlege luftbruer
kamuflasje av roser og tornar

ingen befal og system og geledd
berre uorganisert fotfolk

sjølvlysande stormtroppar
mot panser og barrikadar

ein verdensomfamnande gerilja
med antikverte våpen

men den som blir råka av ei pil
begynner å leve

(Nomadesongar, Det Norske Samlaget, 1978)

Utdrag fra boka Åse-Marie Nesse, Eit poetisk liv, av Elisabet Vallevik Engelstad, Det Norske Samlaget, Oslo 2010, (s 170 - 173)

2 kommentarer:

  1. hei, jeg skulle så gjerne ha kommet i kontakt meg deg ang denne teksten. Kunne du ha kontaktet meg? Håper på å høre fra deg. BKR

    SvarSlett
    Svar
    1. du kan kontakte meg på birgit_katrine_r@hotmail.com

      Slett