Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

fredag 11. mars 2011

....at det kanskje hadde gått an å stå litt mindre stridt på sitt....

Det livet vi no tok til å leve, med mykje reising kvar for oss og med mange slags aktivitetar kvar på vår kant, førte til at vi no for alvor kom til å leve etter det som hadde vore vårt - i alle fall mitt - kjekke prinsipp da vi gifte oss: at vi framleis skulle vere to heilt sjølvstendige menneske. Kanskje passa det meg betre enn det passa han. I så fall er det eit vitnemål om hans toleranse og generøsitet at han let meg framture utan å kny - "eller nesten da". Det låg nok eit lite klagemål i det når han kunne seie til felles kjende at "Halldis er så sjølvstendig, ho". Hende det at han mukka fordi eg tok på meg så mange oppdrag og var så mykje på farten, kunne vi ryke opp i hissig kvinnesaks-kjekling. Eg skulda han for å ha eit bakstrevar - syn på kvar kvinna hadde sin plass. Sa at han hadde gift seg med feil kvinne, at han burde - og ville, inst inne - ha hatt ei kone som i eitt og alt likna på dei kvinnene han skildrar så tilbedande i Bufast-bøkene: ei som står i ustanseleg blått forkle ute ved husnova og "ropar heim".

Eit korn av sanning var det i den skuldinga, enno. Når eit kvinnemenneske først hadde fått på seg husmor-forkleet - som i alle fall Bufast-åra måtte vere blått og som da, i hans auge, var det mest kledelege og sexy av alle kvinneplagg - kunne han vanskeleg forstå at ho kunne ønske seg andre oppgåver enn det "å stelle dagane til" for husfolket sitt. Han hadde da sett kor nok, og stundom meir enn nok, hans eiga tilbedte mor i si tid hadde hatt med den oppgåva.
Ikkje at eg mistreivst i blått forkle-rolla heller. Men nøye seg berre med den, slik tida hadde forandra seg, og så mange andre roller som no baud seg? Nei takk!
------
Tarjei var alltid ivrig etter at eg skulle skrive, og ungane var ikkje store før dei iblant kunne gi meg det vennlege rådet at "nei, mor, gå og sett deg for deg sjølv!" Det hadde vore lite spørsmål om å "ofre" seg. Ein kunne isolere seg med sitt, utan at det trong gå for mykje ut over heimeliv og mann og barn.

Heretter? - Veit ikkje. Stundom har ein vel tenkt, no etterpå, at det kanskje hadde gått an å stå litt mindre stridt på sitt, slå litt av på kravet om sjølvstende. I det minste kunne ein ha sett betre etter korleis den ein levde ved sida av, hadde det.

          Jeg elsket deg nok, men jeg så deg ikke.
          Jeg var meg selv for heftig og for meget....

Kanskje det. Kanskje Terjei syntes det. Eg spurte han visst ikkje - var meg selv for heftig og for meget til det. Ikkje var han den som trengde seg fram med krav på å bli sett heller, han gjekk så stille med sitt. (s. 145 - 146)

Fra boka I Midtbøs bakkar, Minne frå eit samliv, Halldis Moren Vesaas, Aschehoug Biografi 2007.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar