Om meg

Bildet mitt
Lyrikk er næring for meg og jeg lar meg uten videre inspirere til å bli i en dialog der poesien får komme til ~ Poesi ble tidlig næring for lengselen ~ den åpnet en dør til noe inni meg og som jeg gjennom lyrikken fant anerkjennelse for ~

tirsdag 8. mars 2011

....ikkje berre eit vedheng til mannen...

Halldis Moren Vesaas (1907 - 1995) voks opp i Trysil og debuterte 22 år gammal med diktsamlinga Harpe og dolk. Ho og ektemannen, forfattaren Tarjei Vesaas, busette seg i Vinje i Telemark, og dei reiste mykje, i Norden og Europa for øvrig, og knytte verdfulle kontaktar med andre diktarar slik at heimen deira, Midtbø, vart litt av eit nordisk kultursentrum. Halldis Moren Vesaas gav ut fire diktbøker før krigen, blant dei Lykkelege hender (1936). Dei mest kjende diktsamlingane frå etterkrigstida er Tung tids tale (1945), Treet (1947) og I ein annan skog (1955). Ho har òg gitt ut mange andre slags bøker, barnebøker, ein roman, noveller i Så nær deg (1987), dessutan biografiske bøker om Svein Moren og Tarjei Vesaas, artiklar og essays, "diktminneboka" Vandre med vers (1990). Mykje av si arbeidskraft brukte ho på gjendiktning av klassisk drama, av Racine og Molière, av Shakespeare og Brecht. I siste leveåret sitt gjorde ho ferdig manuskriptet til den siste diktsamlinga, Livshus (1995), ein av dei største suksessane nokon lyrikar har oppnådd her i landet.

Slik presenteres Halldis Moren Vesaas på Forlagets egen presentasjon eller vaskeseddelen til boka
I Midtbøs bakkar, Minne frå eit samliv, av Halldis Moren Vesaas, Aschehoug Biografi 2007.

Straks vi var ferdige med middagen, reiste vi. Ikkje på noka bryllupsreise, var det likt seg det! Vi skulle beint heim til Midtbø og innstallere oss, vi. 
Far slo følgje med oss til Oslo, han skulle på møte i Det litterære råd.


Dette var ein torsdag. Kvelden etter hadde Tarjei lovd å lese opp på det faste fredagsmøtet i Bondeungdomslaget i Oslo. Dit fekk han gå aleine, eg var blitt så forkjølt at eg gjekk og la meg. Far var gått til sitt møte i Det litterære råd. Seint på kvelden kom han inn på hotellrommet til meg. Møtet var slutt, no skulle rådsmedlemmene heim til Eugenia Kielland til ein etterpå-fest. Om ikkje eg hadde lyst til å bli med?
Det hadde eg. Forkjølt, sengeliggande - ja visst. Men vere saman med far, Eugenia, Falkberget og andre slike folk - det var freistande. Opp av senga, på med klærne, og heim til sprakande peisbål og like sprakande samvær heime hos Eugenia i Majorstuvegen 25.
Da eg kom heim til hotellrommet, nokså langt på natt, sat Tarjei oppe og venta på meg. Blid var han ikkje, som ventande var: "Du ville ikkje bli med meg, men vart med far din!" Det hadde vore flautt å vere han da formannen i BUL skulle takke for opplesinga og kom med ein stor blomsterbukett som han hadde tenkt å overrekke den nygifte fru Vesaas. Som altså ikkje var der til å ta imot. "Dei sa at i grunnen hadde du ikkje fortent å få blomar, men her er dei no likevel."
Flautt å vere han? Visst kunne ein forstå det. Visst var ein flau sjølv, syntest ein hadde oppført seg tankelaust og dumt. Men oppførselen var i samsvar med eit prinsipp som ein slett ikkje hadde tenkt å fire på: fordi om ein no var gift, skulle ein halde fram med å vere ein sjølvstendig person, ikkje berre eit vedheng til mannen sin.  (s. 42 -  43) 


Fra boka I Midtbøs bakkar, Halldis Moren Vesaas, Aschehoug 2007.

2 kommentarer:

  1. Hei, Halldis ble født i 1907 - hvor gammel var hun da kvinnene fikk stemmerett i Norge?

    Russiske kvinner demonstrerte i 1917 mot krig (2 mill døde i WW1) og for brød. Som et resultat av streiken ga Russian Federation kvinnene retten til å stemme. Som annerkjennelse for innsattsen ble International Women's Day satt til 8 mars. (før dette var det siste søndag i februar)

    Idag er 8 mars offentlig fridag i Kaskhstan, og hele påenget er å gi damene roser og sjokolade. Som om det skal hjelpe på fremskrittet.......

    SvarSlett
  2. Takk for spennende ny kunnskap for meg.
    Jo, Halldis Moren som hun da het, var 6 år da kvinnene fikk stemmerett i Norge.
    Hun må ha vært bevisst en så viktig hendelse. Hun var del av en familie som var samfunnsbevisste og våkne overfor grunnleggende rettigheter og plikter.
    Det du forteller om russiske kvinner, er nytt for meg, og til ettertanke. Sjokolade og roser har alltid vært et forsøk på å stoppe kvinner i å ta til motmæle, selv om det ikke er det eneste en kan si om den slags. Men at vi har våre russiske søstre å ta takke, var på høy tid å få vite! Takk igjen Roar.

    SvarSlett